Skip to main content

Hovudopptaket til høgare utdanning 2019

Pressemelding   •   jul 23, 2019 11:00 CEST

Foto: Shutterstock

Unit – Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking ved Samordna opptak sender i hovudopptaket for 2019 ut 99 319 tilbod om studieplass. Dette er 1 042 fleire tilbod enn i 2018, ein auke på 1,1 %. Av 137 277 søkjarar, er 121 018 kvalifisert for minst eitt studium. Det er ein nedgang på 3 916 søkjarar ( -3,1 %) frå 2018. Av dei kvalifiserte søkjarane har 82,1 % fått tilbod om studieplass. Til samanlikning var prosentdelen i 2018 på 78,7 %.

Blant dei som får tilbod om studieplass, får 57 482 (57,9 %) tilbod på sitt høgaste prioriterte studieønske. Dette er ei endring frå talet i 2018, der tilsvarande tal var 56 453 (57,4 %).Ved årets hovudopptak blir 39 845 av totalt 99 319 tilbod gitt til menn, mens 59 474 tilbod blir gitt til kvinner. Dette gir ein kvinnedel på 59,9 %, - mot 59,2% i 2018.

86,4 % av årets kvalifiserte søkjarar hadde elektroniske vitnemål lagra i Nasjonal vitnemålsdatabase (NVB). Dette gir grunnlag for automatisk kvalifisering og poengrekning av søknader og ei raskare og sikrare søknadshandsaming. Totalt tal på vitnemål importert i NVB per juli 2019 var 975 934.

- Å velje utdanning er ei av dei viktigaste hendingane i livet. Gjennom 25 år har Samordna opptak bidrege til å gjere det stadig enklare, raskare og sikrare å søkje studieplass. Utviklinga av Samordna opptak har skjedd i nært samarbeid med lærestadene. Resultatet av samarbeidet er eit vellykka døme på innovative og berekraftige digitale tenester til beste for både samfunnet og kvar enkelt søkjar, seier assisterande direktør i Unit – Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking, Sigurd Eriksson.

Endringar frå 2018

Det er størst prosentvis auking i tilbodet til informasjonsteknologi og informatikkfag (9,3%) og til land- og havbruksfag (7,0%). Det er sendt ut færre tilbod enn i fjor til realfag (-6,6%) og språkfag (-6,5 %). Tross relativ stor nedgang i tal på kvalifiserte søkjarar til helsefag er det sendt ut fleire tilbod enn i fjor (2,6%). I faktanotatet (se og som eige vedlegg) frå Samordna opptak finn du utfyllande statistikk frå hovudopptaket 2019.

Overbooking

Det blir sendt ut fleire tilbod enn det talet på studieplassar som er planlagt. Erfaring viser at mange takkar nei til studieplass eller møter ikkje opp ved studiestart. For å få fylt opp studieplassane er såkalla overbooking nødvendig på mange studium. I 2018 svarte 65,8 % av søkjarane ja til det tilbodet dei hadde fått om studieplass. 57 % blei til slutt registrert som møtt. I år er det planlagt 58 741 studieplassar, 1 279 fleire enn i 2018. Overbooking i år er på 69,1% mot 69,5% i fjor.

Svar på tilbod i hovudopptaket

Søkjarar som har fått tilbod om studieplass eller ventelisteplass, har frist til 24. juli med å svare på www.samordnaopptak.no. Viss søkjar ikkje har svart innan fristen, blir dette betrakta som nei-svar.

Ledige studieplassar

Oversikt over studium med ledige plassar blei lagt ut på nettsidene våre torsdag 19. juli klokka 09.00. Alle kan søkje på ledige studieplassar, uavhengig om dei har søkt tidligare i år. Søkjarar må vere kvalifisert for å få tilbod om plass.

Kontaktinformasjon

Meir informasjon om søking til høgare utdanning får du ved å kontakte lærestadene eller Samordna opptak: www.samordnaopptak.no/info/kontakt/
Statistikk og faktanotatet for hovudopptaket 2019 blir publisert klokka 11.00 torsdag 23. juli på www.samordnaopptak.no/info/om/sokertall/sokertall-2019/index.html

Unit – Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking leverer eit bredt spekter av tenester til forsking og høgare utdanning. Unit har ei sentral rolle i oppfølginga av regjeringas digitaliseringspolitikk. Hovudkontoret ligg i Teknobyen i Trondheim. Unit har avdelingskontor i Fridtjof Nansens gate i Oslo.

Vedlagte filer

PDF-dokument

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar

Ved å sende inn kommentaren aksepterer du at dine personopplysninger behandles i samsvar med Mynewsdesks Personvernerklæring.