Nyhet -

Regjeringa set av meir pengar til Haiti i revidert nasjonalbudsjett 2010.

Jordskjelvet i Haiti 12. januar i år ramma landet hardt, både menneskeleg og økonomisk. Noreg ynskjer å bidra til å gjenreise Haiti til eit sterkare og meir stabilt samfunn. I revidert budsjett set regjeringa av meir pengar til denne innsatsen.

– Vi aukar støtta til gjenreising etter naturkatastrofar med 50 millionar kroner.  Pengane skal mellom anna gå til Haiti, til miljøtiltak, skogplanting, landbruk og energi. Vi aukar så støtta til Haiti gjennom internasjonale organisasjonar, seier miljø- og utviklingsminister Erik Solheim.

Noreg har lova til saman 800 millionar kroner i bistand til Haiti fram til 2014.

Regjeringa aukar samtidig den humanitære bistanden med 142 millionar kroner i årets budsjett.

– Av erfaring veit vi at nye naturkatastrofar vil ramme Afrikas Horn, Asia og Latin-Amerika i løpet av året. Derfor er det viktig at vi set av pengar til å møte akutte kriser, seier utanriksminister Jonas Gahr Støre.

Regjeringa føreslår og å auke støtta til rein energi med 88 millionar kroner. Pengane skal bidra til større satsing på vasskraft, sol og vind. Det skal skje mellom anna gjennom meir offentleg-privat samarbeid om investeringar i rein energi.

Den auka bistanden vert finansiert gjennom omfordelingar i bistandsbudsjettet. Desse heng saman med reduserte utgifter til flyktningar i Noreg.

Pressekontaktar:
Pressevakta for Erik Solheim, mobil 913 95 000
Pressevakta for Jonas Gahr Støre, telefon 23 95 00 02

Emner

  • Bistand