Skip to main content

Vi treng fleire taparskallar, hevdar Gudmund Skjeldal

Pressemelding   •   feb 21, 2019 07:05 CET

Skjeldal har samla dei beste avistekstane sine om idrett frå det siste tiåret, og lagt til nokre nye, særleg om kor viktig erfaringa av nederlag er i all idrett

Det er taparskallar vi treng fleire av i samfunnet som heilskap – ikkje først og fremst nokre få vinnarskallar som liksom sigrar på vegne av oss alle, skriv Gudmund Skjeldal i den nye boka TaparskalleTekstar om idrett.

Her finn vi tekstar om idrett og om kor viktig erfaringa av nederlag er i all idrett. Her er essay med diskusjonar om og erfaringar av kva idrett er, kanskje til forskjell frå sport, og kva kommersialisering, doping og kostnadskrav i dei olympiske leikane trugar med. Her er sidesyn til det fascinerande spelet sjakk. Boka inneheld også profetiar og bodtavler om barneidretten. Og éin tekst om kor viktig det er med taparskallar.

Utviklinga, kanskje nettopp kommersialiseringa, har gjort amatør til eit skjellsord.
Slik treng det ikkje vera, meinar Skjeldal. Kanskje er proffen og amatøren nærare forbunde enn vi vanlegvis tenkjer. Ord er vesentlege – også når det gjeld noko så kroppsleg og språklaust som sport.

Som oftast tapar vi
"Kva er den mest normale erfaringa i sport, og i livet? Berre éin vinn sigersprisen, skreiv alt Paulus i eit brev. 128 kvinner spelar i første runde av Wimbledon. Alle, bortsett frå den eine, kjem til å erfara eit tap i den turneringa. Som oftast tapar vi i livet. Éin får jobben mange har søkt på, få kjem inn på studiet som mange kjempar om. Forsøket på ein vits går skeis i veneflokken. Den ein er forelska i, bryr seg om ein annan. Livet er fullt av frustrasjonar, mistak og nederlag. Vi treng såleis å øva meir på å tapa enn å vinna. Det kjem nye sjansar, må vi læra å tenkja. Ein må reisa seg frå eit nederlag. Det kjem andre kampar ein kanskje kan klara seg betre i. Når ein har gjort sitt beste, når ein har prøvd så godt og så hardt ein kunne, kan ingen forlanga meir enn det, og ikkje ein sjølv heller. Meir kan ingen gjera, som det heiter hjå diktaren (Olav H. Hauge). Det er taparskallar vi treng fleire av i samfunnet som heilskap – ikkje først og fremst nokre få vinnarskallar som liksom sigrar på vegne av oss alle", skiv Gudmund Skjeldal i den nye boka Taparskalle.

For mer info, sjekk https://www.cappelendamm.no/

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar

Ved å sende inn kommentaren aksepterer du at dine personopplysninger behandles i samsvar med Mynewsdesks Personvernerklæring.