Gå videre til innhold
Walgermo får strålande kritikkar i Sverige og Danmark

Pressemelding -

Walgermo får strålande kritikkar i Sverige og Danmark

Alf Kjetil Walgermo sin ungdomsroman Mitt bankande hjarte får ros av svenske og danske kritikarar. Arbetarbladets Johanna Hejdenberg meiner at det er ein av dei beste ungdomsromanane denne hausten.

  • Alf Kjetil Walgermo skildrar Amandas kjensler så overtydande at det blir morosamt og trist om kvarandre, skriv ho.
  • Eit gripande og ettertenksamt eksempel på korleis det er når livet på same tid trekk i to heilt ulike retningar, skriv Frederikke Winther i danske Weekendavisen.
  • Ei vakker forteljing om venskap, kjærleik, livet og døden, som verkeleg rørar, skriv Lina Wegendal i Kristianstadsbladet.

Walgermo sin ungdomsroman blir i Sverige blant anna samanlikna med John Greens The Fault in our Stars (på norsk: Faen ta skjebnen).

Mitt bankande hjarte er selt til heile sju land. Ut på nyåret står Frankrike for tur, medan det store tyske forlaget Carlsen satsar stort på boka over sommaren.

Mitt bankande hjarte handlar om Amanda som snart er 14 år, og forelska. Samtidig truar ein farleg hjartesjukdom med å røve frå ho alt – forelskinga, kjærleiken og livet.

Alf Kjetil Walgermo (f. 1977) kjem frå Sjøholt på Sunnmøre, og er busett i Oslo. Han begynte
nyleg i stillinga som kulturredaktør i Vårt Land. Den forrige boka hass, Mor og far i himmelen (2009), fekk også svært gode kritikkar. Han har blant anna fått Statens kunstnarstipend og Bokhandelens barnebokstipend.

Beste helsing, Informasjonsavdelinga, Cappelen Damm.
Kontaktperson i forlaget:
Turid Oline Hepsø: turid.oline.hepso@cappelendamm.no, tlf.: 21 61 75 84 / 404

 Kontakt forfattaren:
Alf Kjetil Walgermo: alfkjetil@walgermo.no, tlf.: 909 54 412

 

Emner

Kontakter

Tone Hansen

Tone Hansen

Pressekontakt Kommunikasjonssjef 92435573
Ole Bjerkebakke

Ole Bjerkebakke

Pressekontakt Kommunikasjonsansvarlig Skjønnlitteratur +47 905 91 564
Vibeke Christiansen

Vibeke Christiansen

Pressekontakt Kommunikasjonsansvarlig livsstil og krim & underholdning 41299950

Rikke Elling Grønvold

Pressekontakt Kommunikasjonsansvarlig barne- og ungdomsbøker 99743904

Norges største bokforlag med utgivelser innen de fleste fagområder

Cappelen Damm er Norges største forlag. Forlaget utvikler, formidler, selger og distribuerer kunnskap, kultur og leseopplevelser til voksne og barn.