Gå videre til innhold
Kari Stais fergesterke teikningar er også med i teaterframsyninga på Scene 3.
Kari Stais fergesterke teikningar er også med i teaterframsyninga på Scene 3.

Pressemelding -

Jakob og Neikob på Det Norske Teatret

Kari Stai har lykkast i å lage ein ny klassikar for barn med sine bøker om Jakob og Neikob. No blir forteljingane om det umake venneparet til ei nær og intim teaterframsyning for dei minste på Scene 3.

JAKOB OG NEIKOB
URPREMIERE 13. JANUAR KL. 17.00
DET NORSKE TEATRET, SCENE 3

Går det verkeleg an å lage ei god forteljing der den eine karakteren berre seier ja, og den andre berre nei? Etter fire bøker gitt ut på Samlaget, seks prisar og ti språk synest svaret å gi seg sjølv: Kari Stais naive univers talar direkte til dei aller minste i eit språk dei forstår, derfor har bokene allereie fått ein stor fanskare, og er blitt erklærte som komande klassikarar innan barnelitteraturen.


Animasjonsfilm av boka Jakob og Neikob, produsert av studentar ved Høgskulen i Volda.

Leiken framsyning
Regissør Paul-Ottar Haga har dramatisert tre av bøkene for scenen, i ei framsyning som nyttar både papirdokker, barnetimeinspirerte songar og Stais eigne teikningar i formidlinga hennar fargesterke og naivistiske univers. På scenen står Svein Roger Karlsen som den alltid positive Jakob og Geir Kvarme som den meir skeptiske Neikob, mens Kaia Varjord er den lure tjuven.

Ja og nei
Jakob og Neikob bur saman i eit hus på ein bakketopp. Dei er gode venner sjølv om dei er veldig forskjellige. Jakob seier JA til alt og Neikob seier NEI til alt. Jakob har så lyst at Neikob skal seie ja og bli med på noko kjekt. Derfor finn han på noko lurt: «Hei, Neikob. Du seier vel ikkje nei til ein biltur?» NEI, svarar Neikob, og slik startar eitt av eventyra deira.

Jakob og Neikob handlar om å kunne vere venner sjølv om ein er forskjellige. Og at ein av og til må utfordre seg sjølv: Jakob lærer at ein av og til må seie NEI, og Neikob lærer at ein av og til må seie JA - elles opplever ein aldri noko nytt!

Framsyninga passar for barn frå 3 år.

Related links

Emner



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 200.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Relatert innhold

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge