Gå videre til innhold
Marie Blokhus to timar etter at det blei bestemt at ho skulle sette opp Unge Werthers lidingar som monolog. Foto: Magnus Skrede.
Marie Blokhus to timar etter at det blei bestemt at ho skulle sette opp Unge Werthers lidingar som monolog. Foto: Magnus Skrede.

Pressemelding -

Marie Blokhus tilbake - som Werther

For ti år sidan debuterte Marie Blokhus som skodespelar i Goethes ungdomsroman Unge Werthers lidingar.  Det blei ein kultsuksess av ei framsyning, godt hjelpt av ein slakt i Dagbladet. Når ho no vender tilbake til dette verket, står ho aleine på scenen og med fokus på dei mørkare sidene i teksten.

WERTHER
​PREMIERE 21. FEBRUAR KL. 20.30 
​SCENE 3

Sist spelte Marie Blokhus rolla som Lotte, jenta Werther er ulykkeleg forelska i. Så ulykkeleg at han til sist ikkje ser noko meining i tilveret lenger. Sist var dei tre på scenen, denne gongen står Blokhus der aleine og fortel historia som Werther. Basert på boka Unge Werthers lidingar av Johann Wolfgang von Goethe blei det i 2002 laga ein monolog, og den teksten er utgangspunkt for denne versjonen.

Den sjølvvalde døden
- Rundt 600 menneske tek livet sitt kvart år, og eg klarer ikkje å kvitte meg med kjensla av at vi burde ha sett det, vi burde ha vore handa som drog hovudet opp av vatnet og pusta livet tilbake, seier Blokhus i repertoarmagasinet. I ein diskusjon med teatersjefen om korleis ein kunne vere ein del av samtalen om den sjølvvalde døden, kom ideen om å ta opp igjen Werther til.

Populærlitteratur frå 1700-talet
​Goethes udøyelege ungdomsroman blir rekna som den aller første litterære bestselgjaren. Historia om den ulykkelege Werther blei skrive på berre fire veker, etter at Goethe, i likskap med romanfiguren sin, gjekk inn i ein djup depresjon grunna ulykkeleg kjærleik. Etter den første utgjevinga i 1774 blei romanen raskt omsett til ei rekkje språk. Den unge Werther gjorde Goethe berømt og blei symbol på eit ungdomsopprør mot opplysingstidas kalde fornuft. Men sjølv om romanen var populær i samtida, var han også kontroversiell, ettersom han går langt i utforskinga av å ikkje sjå meining i livet - noko som er verkelegheita for mange menneske i dag.

​Young and Suffering
​For ti år sidan blei også eit skrangleorkester fødd ut av produksjonen Unge Werthers lidingar; The Young and Suffering Ensembla. Dei syng songar, gjerne omsette frå engelsk, om tapt kjærleik og liding - på nynorsk, sjølvsagt. Og alltid med nokre gode sitat frå "Goethe-far". Bandet feirar tiårsjubileet den 14. mars på Ingensteds.  


Les meir om framsyninga Werther på våre nettsider.

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge