Pressemelding -
Skuggar frå fortida
Korleis kan vi leve vidare med skuggane frå fortida?
OLBMOT / FOLK
Gjestespel frå Beaivváš Sámi Našunálateáhter
LAURDAG 8. OG SØNDAG 9. FEBRUAR
PÅ SCENE 3
Framsyninga Folk, eller Olbmot på samisk, er eit forsøk på å bearbeide tankar og inntrykk frå vår nære og vonde historie. Rasebiologien har ramma - og rammar den dag i dag - ulike folkeslag. Kanskje har det vore lettare å snakke om det som eit fenomen utanfor vårt heimlege land, enn noko som eksisterer innanfor? Olbmot tek ikkje stilling, men fortel og viser fram ulike fragment og historier frå ei nær fortid vi ikkje bør gløyme.
Framsyninga er kome til i samarbeid med Arktisk Filharmoni, og musikk frå musikarar på scenen er i lag med video eit viktig berande element.
Framsyninga er tospråkleg og passar for alle som kan norsk eller nordsamisk.
Emner
Kategorier
Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.