Nyhet -

Førdefestivalen opnar konserthausten med tre av dei beste

Eit nært møte med tre av Norges fremste folkemusikarar er første del av eit haustprogram som viser FolkJazzScena si fulle breidde.

Den 22. september kjem Atterljomen til Jølstramuseet for å halde første konsert i haustprogrammet til FolkJazzScena.

Atterljomen består av Astrid Sulheim, Bjørn Kåre Odde og Aslak Brimi, som alle er berarar av ein rik musikktradisjon frå Lom og Gudbrandsdalen. Med seg til Jølster har dei også cellisten Anders Løberg.

– Dei er knallgode utøvarar kvar for seg og kjende namn i folkemusikkretsar, så vi veit at vi får topp kvalitet. Vi er veldig glade for å ha sikra oss ein konsert her, når dei no skulle på turné med sitt andre album, seier Sølvi Lien, fungerande direktør i Førdefestivalen, som står bak FolkJazzScena.

Ei intim konsertoppleving

Konserten vil finne stad i Strandstova på Jølstramuseet. I den gamle stova vil publikum komme heilt tett på musikarane.

– Vi valde det intime formatet fordi vi trur det vil gje publikum ei heilt spesiell konsertoppleving. Sidan det er avgrensa plassar, kan det vere lurt å sikre seg billett på førehand, seier Lien.

Gåte i november

Programmet resten av hausten vil vise den breidda som FolkJazzScena står for.

11. oktober kjem den særeigne jazzsongerinna Kristin Asbjørnsen til Thon Hotel Jølster i samarbeid med Jazz på Jølst. 1. november står Gåte på Larris Scene for å vise fram nytt materiale frå albumet Svevn, 14 år etter suksessalbumet Iselilja.

– Vi er veldig glade for gode samarbeid med både Jazz på Jølst og Larris Scene, seier Lien.

Eit breiare tilbod

Når det gjeld sjanger, femner FolkJazzScena vidare enn Førdefestivalen gjer.

– Poenget med FolkJazzScena er å bruke kompetansen som vi i Førdefestivalen har for å gje publikum eit breiare konserttilbod gjennom heile året, med innslag av jazz og rock. Eg trur det vil vere til glede både for dei som allereie er glade i tradisjonsmusikk og pirre nysgjerrigheita hos dei som vil utforske noko nytt, seier Lien. 

Emner

  • Kunst, kultur, underholdning

Kategorier

  • sunnfjord
  • jazz
  • førdefestivalen
  • folkemusikk
  • førde

Kontakter

Torill G. Faleide

Pressekontakt Kommunikasjonssjef +47 90 73 85 27