Nyhet -
Førdefestivalen si årsmelding for 2017
Førdefestivalen si årsmelding for 2017
Under den 28. Førdefestivalen stod den nordiske musikken i fokus. Klangen av Norden var temaet, med undertittel - og lyden av verda! Med opningskonserten Nordic Sound Folk Orchestra gjennomførte festivalen sitt største kunstnariske prosjekt nokon gong: 40 av Nordens leiande folkemusikarar, komponistar og solistar framførte nyskriven musikk - og gav publikum ei oppleving dei seint vil gløyme. Folkemusikk i stort format løfta nærmast taket på idrettshallen!
Historisk TV-satsing
Opningskonserten og gallakonserten på festivalen vart laga som fullverdige TV-produksjonar med 10 kamera i sving. Alt saman i festivalen sin eigen regi, men med god og avgjerande støtte frå Sparebanken Vest og Sogn og Fjordane Fylkeskommune. Gallakonserten vart strøyma internasjonalt, og begge konsertane vart viste i Hovudscenen på NRK i løpet av hausten 2017 og våren 2018.
Suksess med nye produksjonar
Festivalen hadde også suksess med dei andre nye produksjonane: Sigrid Moldestad vidareførte TAUS-prosjektet frå 10 år tilbake med konserten Samuline - frå fela flyg din song; Arvesølvet, der fire lokale musikarar framførte musikk frå det store folkemusikkarkivet i fylket i nye arrangement - midt i festivalutstillinga til Maja Birkeland: Det vi har i lag. Sunniva no, som bygde på sagnet om St. Sunniva, og var eit samarbeid med Den kulturelle skulesekken i fylket - og ikkje minst jubileumskonserten for Sigmund Eikås, ein av gründerane bak festivalen, På hogg og belegg.
Nøkkeltal
Under festivalen var det festivalkonsertar i heile 8 kommunar i fylket.
Programtilbodet på sjølve festivalen talde 93 arrangement, det same som året før.
Tal selde billettar: 12150
Totalt publikumsbesøk, inkludert gratisarrangement: 25500
Publikum på arrangement gjennom året: 3540
Samla besøkstal heile året: 29040
Rekneskap
Festivalen hadde totale driftsinntekter på knappe 19 millionar, og gjekk med eit overskot på 120.807,- i 2017.
Related links
Emner
- Kunst, kultur, underholdning
Kategorier
- årsmelding
- verdensmusikk
- sogn og fjordane
- musikkfestival
- førdefestivalen
- førde
- folkemusikk