Nyhet -

I sofaen med Kroke

Sjølvsagt føler Kroke seg heime blant hekledukar og støvete vindauge på dei klassiske kafeane i det jødiske kvartalet i Krakow. Det er her dei har sofaen sin, musikalsk sett.

Kalenderen viser 23. februar 2019. Kroke skal spele konsert på heimebane. To spelestader i Kazimierz - det jødiske kvartalet - er sentrale i karrieren deira, og Alchemia er ein av dei. Hjørnekafeen ligg vis a vis eit tidlegare kosher-slakteri med form som ein diamant. På Alchemia blir alt til gull. Kjøkkenet serverer deilige mezze, og gjennom døra på eit klesskåp kjem du til røykerommet, som er utsmykka med kunst.

Her i Kazimierz, halvt mellom magi og realisme, blei Kroke eit band for nesten tretti år sidan. Her fann dei dei musikalske røtene sine, og her fann dei familierøter.

Samstundes på nordlegare breiddegrader - i eit vinterkledd Sunnfjord som har dagar som er éin time kortare enn Krakow - driv Førdefestivalen og førebur ønskekonsert til sin eigen 30-årsdag. Dei har spurt folk kven dei vil høyre att.

«Vi vil ha Kroke», svarte absolutt flest.

- Verkeleg?!?

Dei tre musikarane i Kroke ser overraska på kvarandre. Så bryt dei ut i glede.

- Det er sikkert på grunn av innsatsen vi la ned første gongen vi spelte på Førdefestivalen!

Det var i 1998. Dei køyrde leigebil frå spelejobb på Orknøyane og i ein stor hestesko på kartet, ned gjennom Storbritannia og fastlands-Europa og opp att til Vestlandet. Dei kryssa både Den engelske kanal og Kattegat, men då dei kom til Sognefjorden, såg dei siste ferja klappe frå kai.

- Vi hadde køyrt noko slikt som 3000 kilometer, men ville komme for seint til første spelejobben i Førde neste formiddag. På grunn av éi ... ferje, fortel Jurek med kjælenamnet Jerzy.

Kontrabassist Tomasz Lato, bandets udiskutable GPS, fann fram kartet for å finne ei alternativ rute rundt verdas lengste, isfrie fjord. Og det fann han jo på sett og vis, via ein privat bomveg kor dei betalte på tillit i ein postkasse. Det var merkverdig, syntest dei. Og meir merkverdig skulle det bli. På veg til konsert neste kveld lukka heisdøra seg over fiolinen til Tomasz Kukurba, slik at ein stemmeskrue på snegelen blei øydelagt. Han gjennomførte konserten, dels på klemskada fiolin og dels på reservefele, ‘the show must go on’ og alt det der.

- Men folk syntest så synd i oss, at vi syntest synd i dei, ler dei.

Då dei blei inviterte tilbake til Førdefestivalen i 2010, tulla dei med at det sikkert var som plaster på såret.

- Og jammen ser trikset ut til å virke i 2019 også!

BlackStarJournal, Førdefestivalen sin satellitt ute i folkemusikkverda, er stadig på veg heim til musikarar for å bli kjende med dei. Men det vi ikkje har rekna med, er at vi skal bli hakket betre kjende med oss sjølve også.

Dei tre Krakow-musikarane er oppriktig fascinerte av tilliten som det norske samfunnet er bygd på. Faktisk snakkar dei om det i langdrag.

- Til og med Dronninga av Norge tok oss i handa, fortel dei med oppsperra auge. Det stemmer nok, det. H.M. Dronning Sonja stod for opninga av Førdefestivalen i 2010. Ho passerte dei i lobbyen på Sunnfjord Hotel ved ankomst, så nær at dei ikkje trudde sine eigen auge. Seinare på kvelden tok ho dei i handa og såg dei i auga, ein etter ein, før ho gjekk på scena som festivalens høge beskyttar.

- Vi har aldri opplevd maken. Vi snakka med alle, og alle snakka med oss. Vi fekk venner for livet, seier dei og nemner profilar som Fliflet og Hamre og ikkje minst Tindra-trioen som dei spelte inn albumet ‘Live in Førde’ med.

Så kva har dei gjort på sidan sist? Drøssevis. Akkurat no er dei i ferd med å legge siste hand på innspelinga av teatermusikken til ‘Rejwach’, basert på fjorårets boksuksess med same namn, der Mikolaj Grynberg tar tempen på dagens Polen med historier om folk som vel både å vise og å skjule den jødiske identiteten sin.

Dessutan har dei nyleg sleppt det påventa albumet ‘Ser’ saman med Urna Chahar-Tugchi frå Mongolia. Plata er heilt opp-ned i forhold til kva vi tenker på som Kroke-musikk. På innspelinga er det Urna som får skine, slik Tindra-trioen også fekk skine då dei spelte inn plate med Krakow-musikarane.

Kroke pressar ikkje gjennom sin eigen lyd. Dei er meir interesserte i å utforske det som skjer på midten, der energien oppstår, mellom musikarane og publikum.

- For oss tre er det lett. Vi er frie i musikken og har ingen grenser. Improvisasjon er språket vårt.

Javisst er musikken deira klezmer, men den er også sefardisk, gypsy, klassisk og masse meir. Innimellom velkomponerte arrangement som Kroke er så kjent for, dukkar det som oftast opp noko uventa. Litt sånn som å finne eit røykerom i eit klesskåp. Kanskje kan ein seie at dei speler ut forskjellige drøymelandskap? 

Kva er eigentleg klezmer?

Askenasiske jødar tok med seg musikk frå Aust-Europa og Balkan då dei utvandra til Amerika, og der borte over dammen fekk miksen tilnamnet ‘klezmer’. Men det var ikkje den opphavlege betydningen av ordet.

Ein klezmer var ein spelemann, kort og godt. Det var ein yrkestittel og meir ein livsstil, ikkje definisjonen på ein musikkstil.

- Snakkar ein derimot om jødisk musikk, så snakkar ein om ‘fusion’. Det er ein miks av musikk frå landeområda der jødane har heldt til eller vore på vandring. Improvisasjon er nøkkelen, seier dei og held fram:

- Gjennom improvisasjon leiter vi etter nye stader, musikalsk og mentalt. Når vi får respons frå publikum, då kan uventa ting skje. Røtene er viktige i den forstand at det er godt å vite kor ein kan finne heim att, tilbake i eigen sofa. Frå sofakroken kan ein jo heller avgjere om ein vil ta ei runde til, seier Jerzy og drar i hanekammen.

Nokre gonger i livet må ein ta ein sjanse, og dette var ein slik gong. Det var høgdtidsdagar i Polen, og dei tre musikkstudentane ville gå på kafear og drikke kaffi, men dei var blakke. Dei tok til gata. Dei stilte seg opp og spelte i området rundt mellomaldertorget i håp om å få nokre turistkroner i felekassen.

Ikkje berre var det uttrykk for dårleg smak, men det kunne også få konsekvensar for ein klassisk utdanna musikar å drive på med ‘busking’ på gata. Ein ting var at dørene til spelejobbar og studieplassar kunne lukke seg, men langt meir presserande: Kom dei til å få aksept hos gypsy-spelemennene som allereie tente til livets opphald på gata?

Dei blei einige om å ta beina på nakken, viss det skulle brygge opp til trøbbel.

- Ei stor folkemengde samla seg for å høyre på. Plutseleg såg vi ein gypsy-gut trenge seg fram gjennom folkemengda. Han kom nærare og nærare og slapp oss ikkje med blikket. Vi begynte å sveitte. Så kasta han 100 zloty elegant oppi felekassen, ein liten formue!

«Not from you guys», svarte den same guten då dei seinare prøvde å gi tilbake med same mynt (berre litt færre av dei).

Det var der på gata at dei blei oppdaga av Sofia Łuczynska. Ho representerte eit nytt straumdrag i tida og hadde band til Ariel, kafé og galleri som var i ferd med å opne dørene midt i hjartet av Kazimierz.

Kombinasjonen av kafé og galleri er typisk for Krakow i dag, men var alt anna enn typisk for det jødiske kvartalet på byrjinga av 1990-talet.

- Fram til då var gatene i Kazimierz mørkelagde på kveldstid, og kulturlivet var pinne dødt. Men ganske snart spelte vi på Ariel ein-to gonger i veka, som det første bandet etter andre verdskrig.

Før andre verdskrig hadde Polen verdas nest største, jødiske befolkning. Cirka ein femtedel av verdas jødar - meir enn tre millionar menneske - budde innanfor landets grenser. Dette endra seg fundamentalt med nazi-Tysklands folkemord på jødane, og av fåtallet som var att, blei mange fordrivne i fleire bølger av antisemittisme, med ein topp i 1968-69.

Det er usikkert kor manga jødar som framleis bur i Polen. Det er ikkje alle som vedgår at dei har jødisk blod, eller kjenner til det for den saks skuld. Uansett er det snakk om mindre enn ti tusen menneske. Denne artikkelen skal ikkje prøve å svare på korleis kvardagen er for dei i dagens Polen, men ein køyretur gjennom forstadane av Krakow avslører at det neppe går heilt knirkefritt for seg. Vi ser fleire graffitiar med ‘anti jude’ og overkryssa Davidstjerner.

Klezmer er ikkje lista som nasjonal folkemusikk i Polen. Like fullt er det klezmer turistar og andre vil høyre, når dei besøker Krakow.

Polsk folkemusikk er beskrive som danseviser og ensemblespill. Nasjonaldansane, blant dei polonese og masurka frå 1500-1700-talet, er spreidde utover landets grenser. Ein avleggar oppstod i Sverige under namnet polska, i Norge pols.

- Historia har ein tendens til å fare hardt med folketradisjonane. Framleis finst det regionar i Polen, der folk har ein identitet som er nært knytta til tradisjonane, men sjølv er eg redd for at vi går i same retning som for eksempel Tyskland, der folkemusikken meir eller mindre er borte, seier Jerzy.

Det var på Ariel at Thomasz K. fekk kjennskap til dei jødiske røtene sine. Onkelen kom og høyrde på dei.

- Veit du kvifor du spelar den musikken der, spurde onkelen.

- Fordi eg liker den.

- Og kvifor liker du den, trur du?

Onkelen kunne fortelle at bestefaren var jødisk, men at han hadde stengt den døra til familiehistoria for godt då han var ung.

- Eg er glad for å vite, men det forandrar ikkje livet mitt på noko måte, seier Thomasz K.

Det same seier Thomasz L. Han er godt kjent med at bestemora var gypsy, fødd i Polen av foreldre frå Ungarn.

Vi kiker bort på Jerzy.

- Han er berre trekkspelspelar. Ein heilt eigen rase, mobbar dei andre.

Slik Kroke-musikken er sin heilt eigen sjanger.

Tekst, Video og Foto: BlackStarJournal

Emner

  • Kunst, kultur, underholdning

Kategorier

  • klezmer
  • world music
  • verdsmusikk
  • verdensmusikk
  • sognogfjordane
  • norway
  • musikkfestival
  • førdefestivalen
  • førde
  • folkemusikk

Kontakter

Torill G. Faleide

Pressekontakt Kommunikasjonssjef +47 90 73 85 27