Nyhet -

Kulturelle fyrtårn - viktige hjørnesteinar i det kulturelle økosystemet

Kulturelle fyrtårn - viktige hjørnesteinar i det kulturelle økosystemet

Av Hilde Bjørkum (direktør Førde Internasjonale Folkemusikkfestival)


I Sogn og Fjordane har vi verdsarvområde, festivalar, institusjonar, kulturbedrifter og andre fagmiljø som fungerer som kulturelle kraftsenter eller fyrtårn. Desse har ringverknader lokalt og regionalt, og fleire har òg betydning i nasjonal og internasjonal samanheng. Fyrtårna gir nye arenaer for oppleving og kunnskapsbygging, fleire dimensjonar til samfunnsdebatten og verdiskaping på mange ulike område. Regjeringa er no i gang med arbeidet med ei ny kulturmelding, og fylket vårt går snart inn i ein ny region saman med Hordaland. Kva rolle skal kulturlivet og dei kulturelle fyrtårna spele i framtidas kultur-Norge og i Vestlandsregionen?


Kunst- og kulturproduksjon på nasjonalt og internasjonalt nivå utanfor dei store byane - 

«Den norske modellen» – verdt å ta vare på.

Som direktør for Førde Internasjonale Folkemusikkfestival har eg hatt arbeidet mitt i eit internasjonalt kunst- og kulturfelt i nærare 30 år. I dette arbeidet har eg erfart at Norge har nokre gode modellar på dette feltet som det er viktig at vi tar med oss inn i framtida.

I Norge finst, i større grad enn i mange andre land, kunst- og kulturproduksjon og -formidling på nasjonalt og internasjonal nivå gjennom sterke og gode institusjonar og organisasjonar også utanfor dei store byane. I dette ligg det ein fantastisk ressurs og store moglegheiter som kan utviklast endå meir enn i dag.

Dette i motsetning til mange andre land der det også innanfor kulturlivet er eit mykje sterkare sentralisert og hierarktisk system enn i Norge, der dei største og viktigaste kulturinstitusjonane er konsentrert i dei største byane, og nasjonal finansiering og engasjement også er konsentrert rundt desse. Dette gir tap av moglegheiter både når det gjeld kulturtilbod til heile befokninga, nyutvikling, nyttiggjering av personlege ressursar og skapande kreativitet.

Men sjølv i Norge har eg erfart gjennom arbeid for sentrale aktørar innanfor forvaltning og styringsverk, at det kan vere krevande å få anerkjenning for at organisasjonar og institusjonar som ligg utanfor dei store byane er av nasjonal betydning og dermed bør få engasjement og ressursar frå nasjonale styringsorgan.

Institusjonar på nasjonalt internasjonalt nivå treng engasjement og forplikting frå nasjonale styresmakter.

Førde Internasjonale Folkemusikkfestival (Førdefestivalen) kan illustrere dette.Festivalen har gjennom snart 30 år etablert seg i det nasjonale toppsjiktet blant festivalar i Norge uansett sjanger, og i det internasjonale toppsjiktet innanfor sin sjanger.

Førdefestivalen har 7 kompetansearbeidsplassar i fast stab, hadde i 2017 ein omsetning på rundt 19 mill.kr og eit besøkstal på rundt 30 000 inkludert besøk til våre arrangement gjennom heile året. Rundt 350 frivillige legg ned tusenvis av arbeidstimar for festivalen kvart år. Festivalen har presentert rundt 7000 artistar frå 130 land sidan 1990 til i dag.

Både Førdefestivalen og andre tilsvarande organisasjonar og institusjonar representerer ein tung kompetanse innan sine kunstfaglege felt, og innan område som har stor overføringsverdi til andre fagområde – som publikumsbygging, arrangementsavvikling, marknadsføring, samarbeid med næringslivet og mykje anna.

Her ligg det eit stort potensiale for kompetanseutveksling og -overføring til samfunnet rundt oss, både på nasjonalt og lokalt nivå, som ikkje fullt ut vert utnytta per i dag.

Den nye kulturmeldinga bør drøfte desse problemstillingane og moglegheitene, og tilrå verkemiddel for betre kompetanseflyt og utnytting av faglege ressursar som finst i kulturinstitusjonane i dag. Her ligg òg eit stort potensiale for samhandling og utvikling når vi går inn ein større Vestlandsregion.

Dei statlege styresmakter bør også i framtida kjenne eigarskap til, ha eit engasjement for, og eit direkte økonomisk ansvar for dei kulturelle fyrtårna våre i heile landet, enten dei ligg i Oslo, Odda eller Førde.

Prosjektet Nomadic Voices på Hafstadfjellet, 706 moh, Førdefestivalen sin luftigaste konsertarena. Foto: Førdefestivalen/Geir Birkeland 


Kunst og kultur er grunnsteinen i einkvar sivilisasjon, det må reflekterast i statens ansvar for, engasjement i og økonomiske rammer for feltet.

Vi som arbeider i kulturfeltet kjenner ofte at kulturen blir sett på som «toppen av kransekaka». Det blir spegla gjennom prioriteringane (eller mangel på prioriteringar) av feltet både i politikken, i media, og gjennom økonomiskertammer. Kulturen sin andel av nasjonalbudsjettet har gått ned i inneverande regjeringsperiode.

Når det no skal meislast ut politiske føringar for kulturfeltet framover, er det viktig å peike på at i staden for toppen av kransekaka, er kunst og kultur i røynda fundamentet i alle sivilisasjonar og kulturar. Alle kulturar vert jo nettopp kjenneteikna ved sin særeigne musikk, dans, litteratur, arkitektur, biletkunst osb.

Difor er det avgjerande viktig at vi som nasjon tar vare på og utviklar våre særeigne kunst- og kulturtradisjonar, samstundes som vi gjev rom til nye og mangfaldige uttrykk i eit fleirkulturelt samfunn.

Dei siste åra har kulturens moglege økonomiske ringverknader vore mest vektlagt både i politisk retorikk og i verkemiddelapparatet. Det er sjølvsagt heilt rett å påpeike at kunst og kultur kan gje økonomiske ringverknader, og det er positivt at regjeringa vil stimulere til at kunst- og kulturfeltet kan vere ein mogleg næringsveg for fleire enn i dag. Det er òg viktig og riktig å fokusere på at kunstinstitusjonar og kunstnarar har ei forplikting til å nå flest mogleg publikummarar med sine produksjonar og i sitt formidlingsarbeid, og skape engasjement i samfunnet rundt seg.

Engasjement, kreativitet og fagkunnskap er dei drivande faktorane i eit levande kulturliv.

Men slik eg kjenner kulturlivet – frå glade amatørar i det frivillige musikklivet til profesjonelle kunstnarar og tunge kulturinstitusjonar, er det drive av eit inderleg engasjement for sjølve kunsten, drive av kreativitet, sterk fagkompetanse og vilje til å skape og formidle, og med det kanskje endre tankar, kjensler og synspunkt hjå einskildmenneske og dermed også vere ei endringskraft i samfunnet.

Det er dette som er den avgjerande krafta i kunst- og kulturlivet, og den er avgjerande også for å få ei berekraftig, mangfaldig og grensesprengande kulturnæring.

Dei store kunst- og kulturinstitusjonane i fylket vårt har alle eit kunstfagleg formål, og kunstproduksjon og kunstformidling til flest mogleg som hovudrettesnor for arbeidet sitt.

Det er viktig at vi som nasjon ser og anerkjenner kunstens viktige rolle i samfunnet, og at kulturinstitusjonane får anerkjenning nettopp for sitt kunstfaglege arbeid.

Dette må tydeleggjerast og vektleggjast i den nye kulturmeldinga og i dei regionale kulturplanane.

Å søke finansiering til å drive kunstproduksjon og -formidling frå fleire kjelder, både offentlege og private, er sjølvsagt ikkje negativt. Men basisfinansieringa av dei kulturelle fyrtårna våre må også i framtida i hovudsak vere eit offentleg ansvar, nettopp fordi kunst og kultur er eit så viktig fundament i vårt samfunn. Og også fordi ein gjennom det har moglegheit til å sikre eit mangaldig kulturliv der også såkalla «smale», men viktige kunstformer får eksistensgrunnlag og ytringsrom.

Foto frå Førdefestivalen si storsatsing i 2017, Nordic Sound Folk Orchestra, med 40 nordiske folkemusikarar på scena om framførte nyskriven musikk i tillegg til tradisjonsmateriale. Foto: Førdefestivalen/Knut Utler


Dei kulturelle fyrtårna er viktige hjørnesteinar i det kulturelle økosystemet.

Det profesjonelle nivået som dei kulturelle fyrtårna representerer, er viktige brikker i eit levande kulturliv – og dei trengst over heile landet.

Slik eg kjenner dei profesjonelle kunst- og kulturinstitusjonane utanfor dei store byane, samhandlar dei i stor grad med samfunnet rundt seg, og det skjer kanskje i endå større grad utanfor dei større byane enn i; vi samhandlar med publikum, næringsliv, andre kulturinstitusjonar og det frivillige kulturlivet.

Mange av oss, som Førdefestivalen, er heilt avhengige av frivillig innsats og at lokalsamfunnet rundt oss engasjerer seg. Samstundes gir vi publikum eit unikt kulturtilbod og representerer ein kompetanse som mange rundt oss dreg nytte av. Dette kan gå på handfaste ting som til dømes at Førdefestivalen kjøper inn backline-utstyr som instrument og forsterkarutstyr som den lokale kulturskulen fritt kan bruke gjennom året, til at vi held foredrag for elevar og studentar, for næringslivet og for det offentlege, og at vi er praksisplass for elevar og studentar. Det frivillige kulturlivet hentar også ofte profesjonelle instruktørkrefter og andre fagressursar frå dei profesjonelle kulturinstitusjonane. Det frivillige og profesjonelle kulturlivet er på denne måten gjensidig avhengig av kvarandre.

Dei kulturelle fyrtårna er difor særleg viktige utanfor dei store byane, som ein del av det lokale og regionale kulturelle økosystemet. Men det at vi har denne aktive samhandlinga med samfunnet rundt oss må altså ikkje forvekslast med at vi berre har ei lokal eller regional rolle. Tvert om vonar eg dei kulturelle fyrtårna utover landet som har ein nasjonal og internasjonal posisjon, kan sjåast på som nasjonale ressurssenter der kompetansen kan nyttiggjerast endå betre enn i dag også i nasjonal samanhang.

Kunst og kultur som plattform i integreringsarbeid

Kunst og kultur har også eit stort potensiale innan arbeid på andre samfunnsområde som i dag er høgaktuelle – som til dømes integrering av flyktningar og innvandrarar i samfunnet vårt. Kunst og kultur kan vere ein unik plattform for integrerings- og inkluderingsarbeid, og dei kulturinstitusjonane som har drive i ein internasjonal kontekst i ei årrekke har stor fagkompetanse på området som samfunnet kan gjere seg endå betre nytte av enn i dag.

Eg vonar på ein framtidig politikk på kulturfeltet, både nasjonalt og regionalt, som tar kulturens verdi for einskildmennesket og samfunnet på alvor, og der det faglege potensialet dei kulturelle fyrtårna representerer i vårt mangfaldige kulturliv, vert tatt endå sterkare i bruk og utvikla for framtida. 

Emner

  • Kunst, kultur, underholdning

Kategorier

  • kulturliv
  • festival
  • kultur
  • kulturelle fyrtårn
  • kulturpolitikk
  • kulturmelding

Regions

  • Sogn og Fjordane

Kontakter

Torill G. Faleide

Pressekontakt Kommunikasjonssjef +47 90 73 85 27