Nyhet -

Sarah Jane erstattar Sarah på Førdefestivalen

For vel eit døgn sidan fekk Førdefestivalen telefon frå ein fortvila manager til Sarah Savoy. Toradarspelaren hadde vore uheldig, ramla og brote handleddet. Med andre ord, ho måtte avlyse alle konsertar i sommar, inkludert dei tre i Førde, og dei to kursa ho skulle hatt her.

Dette er jo ein vanskeleg situasjon å hamne i tre dagar før festivalen startar, men vi har altså, av alle ting, klart å skaffe ei ny SARAH til programmet; SARAH JANE SUMMERS & JUHANI SILVOLA er reddande englar og har sagt ja til å ta både konserten på Gloppen Hotell onsdag, Sommarnatt på Jølster torsdag og i teltet på Pikant fredag kveld.

Sarah Jane Summers & Juhani Silvola spelte på festivalen i 2015, så med dei har vi supplert programmet med nok ein gjensynsartist. Sarah Jane Summers spelar er skotsk og spelar fele, men har master i norsk folkemusikk. Juhani Silvola, er, som namnet avslører, finsk, og ein magikar på gitar. Dei har gjeve ut fleire plater til toppkarakterar i pressa, og er ganske enkelt ein strålande duo å høyre på når dei dreg i gang sitt skotsk-inspirerte repertoar i dei lekraste arrangement.

Her kan du lese meir om dei - og finne lenkje til konsertane deira.

Dei to kursa Sarah Savoy skulle ha i Førde, er sjølvsagt dessverre også avlyste. 

Emner

  • Kunst, kultur, underholdning

Kontakter

Torill G. Faleide

Pressekontakt Kommunikasjonssjef +47 90 73 85 27