Skip to main content

Førdefestivalen - årsmelding for 2017

Pressemelding   •   jun 13, 2018 15:50 CEST

Megaprosjektet Nordic Sound Folk Orchestra var ein stor stor kunstnarleg suksess for Førdefestivalen i 2017. Foto: Knut Utler.

Under den 28. Førdefestivalen stod den nordiske musikken i fokus. Klangen av Norden var temaet, med undertittel - og lyden av verda! Med opningskonserten Nordic Sound Folk Orchestra gjennomførte festivalen sitt største kunstnariske prosjekt nokon gong: 40 av Nordens leiande folkemusikarar, komponistar og solistar framførte nyskriven musikk - og gav publikum ei oppleving dei seint vil gløyme. Folkemusikk i stort format løfta nærmast taket på idrettshallen!

Historisk TV-satsing

Opningskonserten og gallakonserten på festivalen vart laga som fullverdige TV-produksjonar med 10 kamera i sving. Alt saman i festivalen sin eigen regi, men med god og avgjerande støtte frå Sparebanken Vest og Sogn og Fjordane Fylkeskommune. Gallakonserten vart strøyma internasjonalt, og begge konsertane vart viste i Hovudscenen på NRK i løpet av hausten 2017 og våren 2018.

Suksess med nye produksjonar

Festivalen hadde også suksess med dei andre nye produksjonane: Sigrid Moldestad vidareførte TAUS-prosjektet frå 10 år tilbake med konserten Samuline - frå fela flyg din song; Arvesølvet, der fire lokale musikarar framførte musikk frå det store folkemusikkarkivet i fylket i nye arrangement - midt i festivalutstillinga til Maja Birkeland: Det vi har i lag. Sunniva no, som bygde på sagnet om St. Sunniva, og var eit samarbeid med Den kulturelle skulesekken i fylket - og ikkje minst jubileumskonserten for Sigmund Eikås, ein av gründerane bak festivalen, På hogg og belegg.

Nøkkeltal

Under festivalen var det festivalkonsertar i heile 8 kommunar i fylket.

Programtilbodet på sjølve festivalen talde 93 arrangement, det same som året før.

Tal selde billettar: 12150

Totalt publikumsbesøk, inkludert gratisarrangement: 25500

Publikum på arrangement gjennom året: 3540

Samla besøkstal heile året: 29040

Rekneskap

Festivalen hadde totale driftsinntekter på knappe 19 millionar, og gjekk med eit overskot på 120.807,- i 2017.

FOR INTERVJU, FOTO og GENERELL INFORMASJON:Torill Faleide, kommunikasjonssjef – mobil 90738527 – e-post: torill.faleide@fordefestival.no
Hilde Bjørkum, direktør – mobil 90919933 – e-post:
hilde.bjorkum@fordefestival.no

Førdefestivalen er Skandinavias største festival for akustisk verdsmusikk. Omlag 300 artistar frå heile verda vert presentert frå 30 scener gjennom 80-100 ulike festivalarrangement for om lag 26000 besøkande kvart år. Festivalen vert dekka av nasjonal og internasjonal presse, og er ranka blant dei 25 beste festivalane i sitt slag av det internasjonale musikktidsskriftet Songlines, og mellom Europas beste festivalar av The Guardian ogNational Geographic. Første festivalen vart arrangert i 1990.

Vedlagte filer

Word-dokument

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar