Skip to main content

Glimesteinar til fem scener

Pressemelding   •   nov 19, 2018 07:56 CET

Bergsveinn Birgisson, Berit Opheim og Gabriel Fliflet på turné med den litterære konserten GLIMESTEINAR.

Rom for ord og Førdefestivalen-Folkjazzscena i samarbeid om ny litterær konsert

Glimesteinar til fem scener

Denne veka kjem Bergsveinn Birgisson, Berit Opheim og Bergsveinn Birgisson til Voss, Balestrand, Vik, Jølster og Fjaler med ein nyprodusert litterær konsert. Islandsk diktekunst og livsfilosofi er inspirasjonskjelda.

- Vi er svært glade for initiativet og samarbeidet, seier ny direktør i Førdefestivalen, Per Idar Almås. I folkemusikken er forteljingane ofte vesentlege. Saman med Rom for ord kan vi løfte fram den litterære sida av musikken og hjelpast åt å nå ut til endå fleire scener.

Førdefestivalen – folkjazzscena og Rom for ord mønstrar eit stjernelag når islandske viser møter publikum i nynorsk språkdrakt denne veka. Til den litterære konserten har Gabriel Fliflet tonesett fleire av omsetjingane i Johannes Gjerdåker si fine samling med same tittel. – Tekstane er konsentrerte og poengterte, fortel Fliflet. – Det som skal seiast vert uttrykt i fire, korte linjer. Melodien må rekke å starte si ferd, gjere si reise og lande att. Ingen refreng, ingen omkvede. Det er ei spanande utfordring

-Johannes Gjerdåker har gjort eit fantastisk arbeid med utval og gjendikting av visene våre i ”Glimesteinar”. Det er ei glede og ei ære for meg å få samarbeide med Gabriel Fliflet og Berit Opheim om å formidle sjangeren som eg er så glad i, seier den islandske forfattaren Bergsveinn Birgisson. -Eg er så heldig at eg har vakse opp med denne visekunsten. Om ein stortingsrepresentant skal vinne respekt av andre på Althingi i Reykjavik må han vere i stand til å lage ei slik vise, ei ferskytla. Det same gjeld andre yrkesgrupper. Den islandske visa formidlar det islandske landskapet, folket og historia, utdjupar forfattaren.

- Eg gler meg stort til å få vera med å formidla desse vakre, poetiske og fortetta tekstane til tradisjonelle norske og islandske melodiar, i tillegg til Gabriel sine nye, flotte meloditilskot. Dette er rett og slett stas, seier vår kanskje aller fremste folkesongar Berit Opheim.

Kontaktpersonar:

Janne Karin Støylen - Rom for ord - mobil: 97 60 94 77

Torill Faleide - Førdefestivalen - mobil: 90 73 85 27

Førdefestivalen er Skandinavias største festival for akustisk verdsmusikk. Omlag 300 artistar frå heile verda vert presentert frå 30 scener gjennom 80-100 ulike festivalarrangement for om lag 26000 besøkande kvart år. Festivalen vert dekka av nasjonal og internasjonal presse, og er ranka blant dei 25 beste festivalane i sitt slag av det internasjonale musikktidsskriftet Songlines, og mellom Europas beste festivalar av The Guardian ogNational Geographic. Første festivalen vart arrangert i 1990.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar

Ved å sende inn kommentaren aksepterer du at dine personopplysninger behandles i samsvar med Mynewsdesks Personvernerklæring.