Pressemelding -

«Klangen av Norden» i fokus på Førdefestivalen 2017

- Dette har aldri vore gjort før, seier direktør Hilde Bjørkum, når ho presenterer den store satsinga på «Klangen av Norden» som tema for Førdefestivalen 2017. Hovudsatsinga er prosjektet «Nordic Sound Folk Orchestra» eit all-nordisk strykeorkester på førti musikarar og solistar, som skal framføre spesialskriven musikk frå fire nordiske komponistar.

- Vi vil presentere klangen av Norden anno 2017, fortel Bjørkum. Det inneber at den nordiske verdsmusikkscena også vil få sin plass i programmet. Og sjølv om festivalen har ei storsatsing på det nordiske, vil ei rekke artistar frå andre deler av verda stå på scena i Førde, også i 2017, lovar direktøren.

Nordic Sound Folk Orchestra – folkemusikk i storformat

40 folkemusikarar, 4 komponistar og 8 solistar vil utgjere ”Nordic Sound Folk Orchestra”, det første prosjektet i sitt slag, der oppdraget er å løfte fram solistiske tradisjonar i eit orkesterformat på folkemusikken sine premissar.

Basen i prosjektet er eit all-nordisk orkester sett saman av felespelarane i Gudbrandsdølenes Spelemannslag (Norge), medlemer av folkemusikkbandet Folk All-in Band (Sverige), Baltic Crossing (Finland/Danmark) og Harald Haugaard kvintett (Danmark). Solistar er Olav Luksengård Mjelva på hardingfele (Norge), Olov Johansson på nyckelharpe (Sverige) og stjernevokalistane Ulla Pirttijärvi (Sapmi/Finland), Lena Willemark (Sverige) og Berit Opheim (Norge). I tillegg vil komponistane også vere solistar i prosjektet.

Urframføring på opningskonserten 2017

Fire leiande nordiske komponistar innan folkemusikken skal lage ny musikk til prosjektet; nemleg Antti Järvelä (Finland), Mia Marin (Sverige), Harald Haugaard (Danmark) og Jorun Marie Kvernberg (Norge). I tillegg til nye komposisjonar, vil også tradisjonsstoff frå dei nordiske landa bli framført i ny drakt.

Til å leie det heile har festivalen sikra seg svenske Karl-Johan Ankarblom, eitt av dei heitaste namna i Norden når det gjeld arrangering og orkestrering. Han har prosjekt med London Philharmonic Orchestra, BBC Symphony Orchestra ogRoyal Philharmonic Orchestra Stockholm på CVen, men sjølv for han overgår Førde-prosjektet det meste!

– Vi seier ganske ofte at ein konsert er «unik», men denne gongen er det verkeleg sant! Det kjem til å gå fleire tiår før nokon lukkast i å samle så mykje spisskompetanse innan den nordiske folkemusikktradisjonen på ei og same scene igjen, seier Ankarblom.

Leiar for Gudbrandsdølenes spelemannslag, Aslak Brimi, som nyleg vart kåra til Årets Folkemusikar i Norge, deler entusiasmen. - Dette blir ein smeltedigel med nokre av det beste nordisk folkemusikk har å by på. Det kjem til å bli fantastisk, seier han, og legg til at Gudbrandsdølenes gler seg vanvittig til å vere ein del av gigantprosjektet.

- Dette er ei av dei største prosjektsatsingane vi nokon gong har gjort, fortel festivaldirektør Hilde Bjørkum. Riksscenen i Oslo er samarbeidspart, og konserten vil også bli framført der til hausten. – Vi er òg glade for at både Kulturkontakt Nord og Nordisk kulturfond støttar heilhjarta opp om prosjektet, seier ho.

Mange av dei nordiske artistane, m.a. Baltic Crossing, Harald Haugaard kvintett og Folk All-in Band kan òg opplevast i eigne konsertar utover i festivalen. Dei danseglade kan sjå fram til drivande dansespel av Gudbrandsdølenes spelemannslag, som harvunne Landskappleiken, folkemusikkens Norgesmeisterskap, heile åtte gonger, og vore nærmast einerådande på toppen av resultatlistene dei siste åra.

Music Norway lanserer «Nordic Folk»

I samarbeid med folkemusikkorganisasjonane og eksportkontora i dei nordiske landa, har Music Norway teke initiativ til å etablere merkevara «Nordic Folk». - Målet er å gjere nordisk folkemusikk meir synleg i verda utanfor Norden, samt å styrke den felles-nordiske marknaden for våre eigne artistar, seier direktør i Music Norway, Kathrine Synnes Finnskog. Ønsket er at tiltaket skal skaffe fleire jobbar for musikarane og betre rammevilkåra for bransjeaktørane.

At Music Norway, som Førdefestivalen har eit nært og årelangt samarbeid med, lanserer Nordic Folk parallelt med at festivalen har fokus på Norden, ser Bjørkum på som ein vinn-vinn-situasjon. - Vi vil det same; få nordisk folkemusikk opp, fram og ut!

Også nye nordiske klangar

Det folkemusikalske landskapet i Norden anno 2017, har også sterke innslag av musikk frå andre kantar av verda. - Gjennom fleire tiår har musikarar med røter i andre tradisjonar etablert seg her nord, og gjort oss rikare med sin musikk, seier festivaldirektøren, som mellom anna ser fram til å høyre gruppa ComboNations i Førde til sommaren. I ComboNations har den norsk-iranske musikaren Javid Afsari Rad samla leiande innvandrarmusikarar i Norge; Jai Shankar, Aissa Tobi, Harpreet Bansal, Diom de Kossa og Solo Cissokho. Javid Afsari Radvart av regjeringa utnemnd til statsstipendiat dette året, ein av dei største anerkjenningane ein norsk musikar kan få. - Vi er svært glade for å kunne presentere Afsari Rad og medmusikarane hans i Førde til sommaren, seier Bjørkum.

Førdekonferansen

- Også Førdekonferansen kjem til å ta opp spørsmål med eit nordisk perspektiv, men òg med eit blikk på oss i Norden utanfrå, fortel Bjørkum. I samband med at Norge overtek formannskapsrolla i Nordisk Ministerråd i 2017, har Kulturminister Linda Hofstad Helleland mellom anna lansert integrering og inkludering, medieøkonomi og kreative næringar som fokusområde innan det nordiske kultursamarbeidet. Dette vil konferanseprogrammet i Førde følgje opp.

Festivalartistar frå heile verda

Sjølv om festivalen satsar stort på nordisk musikk dette året, vil programprofilen vere like internasjonal som alltid, forsikrar Bjørkum, som for tida jobbar intenst med programmeringa av den 28. Førdefestivalen. Festivalen vert som alltid arrangert i veke 27, og går av stabelen 5.-9. juli 2017.

Emner

  • Kunst, kultur, underholdning

Førdefestivalen er Skandinavias største festival for akustisk verdsmusikk. Omlag 300 artistar frå heile verda vert presentert frå 30 scener gjennom 80-100 ulike festivalarrangement for om lag 26000 besøkande kvart år. Festivalen vert dekka av nasjonal og internasjonal presse, og er ranka blant dei 25 beste festivalane i sitt slag av det internasjonale musikktidsskriftet Songlines, og mellom Europas beste festivalar av The Guardian ogNational Geographic. Første festivalen vart arrangert i 1990.

Kontakter

Torill G. Faleide

Pressekontakt Kommunikasjonssjef +47 90 73 85 27