Skip to main content

Trine Skei Grande opnar den 29. Førdefestivalen

Pressemelding   •   mai 09, 2018 12:40 CEST

Kulturminister Trine Skei Grande opnar festivalen

Kulturminister Trine Skei Grande (V) har takka ja til invitasjonen om å komme til Førde for å opne den 29. Førdefestivalen. -Vi har høyrt kulturministeren uttale at ho skal ha eit tett festivalprogram til sommaren, og vi er svært glade for at den kulturinteresserte ministeren set av tid til å komme til Førde og stå for den offisielle opninga av den 29. Førdefestivalen, seier direktør Hilde Bjørkum. Opninga av festivalen skjer som vanleg på opningskonserten, som i år er torsdag 5. juli.

Festivalen startar opp med arrangement allereie onsdag 4. juli, med konsertar i Florø, Gloppen og i Førde, men den store opningskonserten er som vanleg torsdag kveld. Årets opningskonsert, har tittelen DANSEN I MUSIKKEN - MUSIKKEN I DANSEN, og er ein hyllest til dans og dansemusikk frå heile verda. Her presenterer festivalen særmerkte muiskk- og dansetradisjonar frå fire kontinent. 

Førdefestivalen er Skandinavias største festival for akustisk verdsmusikk. Omlag 300 artistar frå heile verda vert presentert frå 30 scener gjennom 80-100 ulike festivalarrangement for om lag 26000 besøkande kvart år. Festivalen vert dekka av nasjonal og internasjonal presse, og er ranka blant dei 25 beste festivalane i sitt slag av det internasjonale musikktidsskriftet Songlines, og mellom Europas beste festivalar av The Guardian ogNational Geographic. Første festivalen vart arrangert i 1990.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar

Ved å sende inn kommentaren aksepterer du at dine personopplysninger behandles i samsvar med Mynewsdesks Personvernerklæring.