Gå videre til innhold
Ta gjerne med ein ekstra røykvarslar i kofferten. Foto Gjensidige
Ta gjerne med ein ekstra røykvarslar i kofferten. Foto Gjensidige

Pressemelding -

Sjekkar ikkje rømingsvegar

1 av 3 på ferie i utlandet veit ikkje kva dei skal gjer om brannalarmen går.

- Svært mange vel hotell eller leilegheit gjennom AirBnb når dei reiser til utlandet i ferien. Få tenker samstundes over at brannsikkerheita der kan ha ein heilt anna standard enn kva vi er vande med her heime, seier Arne Voll, kommunikasjonssjef i Gjensidige.

Eldre er flinkast

I ei undersøking som er gjennomført av Ipsos for Gjensidige svarer 35 prosent av innbyggjarane at dei ikkje brukar å sjekke rømingsvegar der dei bur. Dei eldre er flinkare enn dei yngste. Blant dei mellom 18 og 29 år seier over halvparten at dei ikkje gjer dette.

- Havnar ein på hotell høgt oppe i etasjane eller i eit eldre leilegheitskompleks med tronge trappegonger, kan det vere for seint å reagere, når alarmen går. Og i nokre tilfelle er det ikkje sikkert at alarmen fungerer ein gong, seier Voll.

- Han har sjølv opplevd å bli tildelt rom høgt oppe i etasjane utan eit einaste alternativ til rømingsveg og at røykvarslaren som heng i taket har vore utan batteri. Går alarmen, så tel kvart sekund. Det er derfor viktig at alle er klar over kva dei skal gjer og kva alternativ som finnast, seier Voll.

Ta gjerne med ein røykvarslar i kofferten

Saman med pass, billetter og kredittkort kan det vere smart å pakke ned ein ekstra røykvarslar. I dag finnast mange forskjellige variantar å få kjøpt for rundt ein hundrelapp, også eigne reiserøykvarslerar. Desse kan enkelt hengast opp der ein ynskjer.

Unge mest utsatt

- Mange hotell har i dag høg standard og gode rutinar om noko skulle skje. Samstundes vel mange ungdomar eit rimelegare alternativ å bu, ofte for å spare pengar.

Når vi også veit at mange i denne aldersgruppa konsumera ein del alkohol, seier det seg sjølv at denne aldersgruppa er meir utsatt enn andre, seier Voll.

- Ver bevisst på eiga sikkerhet og ha ein plan over kva alle skal gjer om alarmen går, avsluttar kommunikasjonssjefen.

Gode råd:

  • Sjekk rømingsplan og finn ut kor nærmaste rømingsveg er
  • Sjekk at det finnast røykvarslar på rommet eller i leilegheita
  • Har du med eigen røykvarslar, plasser den på ein eigna stad, gjerne høgt opp mot taket
  • Reiser dykk med born, avtal på førehand korleis de skal fare åt om alarmen går
  • Gjer dykk kjende med kor det finnast slukkingsutstyr
  • Er de i tvil om alt er OK, ta kontakt med resepsjonen eller dei som eig bustaden
  • Ikkje bruk heis om brannalarmen går
  • Hugs å teikne reiseforsikring før ferien starter

Emner

Kategorier


Gjensidige er et ledende nordisk skadeforsikringsselskap notert på Oslo Børs. Vi har om lag 4.000 medarbeidere og tilbyr skadeforsikring i Norge, Danmark, Sverige og Baltikum. I Norge tilbyr vi også bank, pensjon og sparing. Driftsinntektene var 26 milliarder kroner i 2018, mens forvaltningskapitalen utgjorde 157 milliarder kroner.

Kontakter

Arne Voll

Arne Voll

Pressekontakt Kommunikasjonssjef Pressekontakt for lokalmedier i Viken (tidligere Buskerud), Vestfold og Telemark, Agder, Rogaland, Vestland, Møre og Romsdal + 47 906 98 473
Pål Rune Eklo

Pål Rune Eklo

Pressekontakt Kommunikasjonssjef Pressekontakt for lokalmedier i Innlandet, Trøndelag, Nordland, Troms og Finnmark +47 951 94 898
Bjarne Aani Rysstad

Bjarne Aani Rysstad

Pressekontakt Kommunikasjonssjef Skadeforsikring. Pressekontakt for lokalmedier i Oslo og Viken (Romerike og Asker og Bærum) +47 918 19 434
Christian Haraldsen

Christian Haraldsen

Pressekontakt Kommunikasjonssjef Forsikring, Pensjon og Sparing. Pressekontakt for lokalmedier i Viken (Follo og tidligere Østfold) +47 907 87 449

Tiden går - Gjensidige består

Gjensidige er et ledende nordisk skadeforsikringsselskap notert på Oslo Børs. Vi har om lag 4500 medarbeidere og tilbyr skadeforsikring i Norge, Danmark, Sverige og Baltikum. I Norge tilbyr vi også pensjon og sparing. Driftsinntektene var 36 milliarder kroner i 2023 mens forvaltningskapitalen utgjorde 148 milliarder kroner.

Gjensidige Forsikring ASA
Schweigaards gate 21
0191 Oslo
Norge