Skip to main content

Prøvetur med gode resultat for MS Fridtjof Nansen

Pressemelding   •   des 04, 2019 13:01 CET

MS Fridtjof Nansen er her på prøvetur i fjordane på Sunnmøre. Foto: MotionAir / Hurtigruten

Hurtigruten sitt nye hybriddrivne ekspedisjonsskip MS Fridtjof Nansen har den siste tida gjennomført prøvetur i fjordane på Sunnmøre. Resultata er svært gode – og Hurtigruten set no det avanserte skipet i drift tidlegare enn planlagt.

-Framdrifta på prøveturen vart så god at vi kunne returnere om lag eit døgn før planlagt tidsskjema, noko vi er veldig nøgde med. Det vart gjort ein kjempeinnsats i forkant av prøveturen med klargjering, rydding og sjøsikring. Resultata frå prøveturen er veldig gode, seier prosjektleiar Asbjørn Vattøy ved Kleven Verft.

MS Fridtjof Nansen er saman med søsterskipet MS Roald Amundsen verdas første hybriddrivne cruiseskip. Begge er bygde ved Kleven Verft i Ulsteinvik, og skal segle på ekspedisjonscruise for Hurtigruten – som er verdas største ekspedisjonscruise-reiarlag.

Er i rute for levering
Prøveturen er ein viktig og nødvendig del av innspurten fram mot den planlagde leveringa av skipet.

-Vi har eit veldig godt samarbeid med underleverandørane, noko som mellom anna gjorde at vi hadde ei god framdrift i arbeidet om bord på skipet også medan vi var ute på prøvetur, seier Vattøy.

Jomfruturen for MS Fridtjof Nansen var opphaveleg planlagd frå Hamburg 1. april 2020. Når Hurtigruten no får skipet levert mot slutten av 2019, har dei bestemt seg for å legge til ei rekkje nye ekspedisjonscruise for det splitter nye skipet før dette. 

- Det har gått utruleg bra i haust. Sjølv gjennom ei krevjande og usikker tid ved verftet har vi klart å omstille oss på ein meget god måte. Det viser at dei tilsette har stor lojalitet til verftet og alle har stått på og gjort ein enorm innsats, seier Kjetil Bollestad, administrerande direktør ved Kleven Verft.

-Saman med våre dyktige underleverandørar, fekk vi ilag ei unik erfaring og kompetanse ved bygginga av søsterskipet MS Roald Amundsen. Ved å ta denne i bruk, er vi no i rute til å levere før nyttår i år, fortel Bollestad.

Under prøveturen vart teknologien om bord i det avanserte og høgteknologiske skipet satt på prøve, mellom anna batteripakkane, thrustersystemet, navigasjonssystemet, støy og vibrasjonsmålingar, manøvertestar, det såkalla dynamic positioning (DP)-systemet. Skipet var også gjennom ein fartsprøve.

Ekspedisjonsskip med fokus på miljø og unike opplevingar

MS Fridtjof Nansen og søsterskipet MS Roald Amundsen reknast som verdas mest avanserte og miljøvennlege ekspedisjonscruiseskip. Dei er bygde for å kunne segle i verdas mest spektakulære farvatn.

Med plass til om lag 500 gjestar i svært komfortable lugarar og suitar, er skipet bygd spesielt med tanke på ekspedisjonar der naturen og opplevingar for gjestane står i fokus. Skipet har isforsterka skrog, og er fullt av miljøvennleg teknologi. Med batteripakkar som støttar lavutsleppsmotorane kan skipet redusere det totale utsleppet med om lag 20%.

Etter overleveringa til Hurtigruten, vil MS Fridtjof Nansen bli liggande til kai ved Kleven verft ei tid på nyåret, der Hurtigruten vil bruke tida fram mot dei fyrste seglingane i mars til opplæring og klargjering

For fleire bilde og film frå prøveturen: http://bit.ly/ms-fridtjofnansen
Les meir om dei nye turane til MS Fridtjof Nansen på www.hurtigruten.no/presse

Kleven Verft i Ulsteinvik byggjer store, avanserte fartøy innan fleire segment. Verftet har effektive fasilitetar for tidleg utrustning og montering på bedding, og er det verftet i Noreg som har størst grad av eigen robotisert stålproduksjon og modulbasert skipsbygging. Kleven Verft er ISO-sertifisert innan miljø og kvalitet.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar

Ved å sende inn kommentaren aksepterer du at dine personopplysninger behandles i samsvar med Mynewsdesks Personvernerklæring.