Pressemelding -

Ronja Ocean levert frå Myklebust Verft i dag

Båten har ein brønnkapasitet på heile 3200 m3, og kan frakte om lag 500 tonn levande fisk. Ronja Ocean skal inn på ein femårig kontrakt med Oppdretternes Miljøservice.

Sølvtrans er eit av verdas største brønnbåtreiarlag, og Ronja Ocean er fartøy nummer 22 i flåten til selskapet. Enda ein brønnbåt er under bygging for Sølvtrans ved Myklebust Verft, med levering til hausten 2017.

Ronja Ocean vart døypt i Ålesund 4. mars, med Lisbeth Berg Hansen som gudmor.

Det nær 80 meter lange fartøyet er av typen NVC 387 frå Rolls-Royce, og fiskehandteringsutstyret frå MMC i Herøy.

Emner

  • Industri, produksjon

Kategorier

  • sølvtrans
  • levering
  • brønnbåt
  • myklebust verft
  • havbruk

Regions

  • Møre og Romsdal

Kleven er landets største norskeigde skipsbyggingskonsern. Konsernet leverer store og teknologisk avanserte fartøy for norske og internasjonale kundar. Kleven har flytta ein større del av byggeprosessen heim til Noreg, og går med dette mot straumen i norsk skipsbygging. Konsernet har to verft: Kleven Verft AS i Ulsteinvik og Myklebust Verft AS i Gursken i Sande kommune.

Kontakter

Hans Jørgen Fedog

Pressekontakt Konsernsjef i Green Yard Group +47 92 35 00 20