Skip to main content

Siste av ein serie på seks skip levert til Maersk frå Kleven

Pressemelding   •   feb 15, 2019 07:30 CET

Gudmor Rikke Eskjær og Olav Nakken, konserndirektør i Kleven verft As like etter dåp og overlevering av Mærsk Maker. Foto: Olav Thokle - Fotomaritim

No er heile Starfish-flåten komplett.
Mærsk Maker vart levert frå Kleven 14. februar 2019. Dette er den sjette og siste av ein serie på seks ankerhandterarar til Maersk Supply Service A/S. Bygd for operasjon på store havdjup er den såkalla M-serien utstyrt med ei rekkje nyvinningar, noko som har gitt dei eit godt rykte i den globale marknaden.
Mærsk Maker vart døypt under ein seremoni på kaia ved Kleven Verft, med Rikke Eskjær som gudmor. Fartøyet vil forlate Kleven like over helga med kurs for Aberdeen, og spot-marknaden i Nordsjøen.

Uttale frå konsernsjefane
Olav Nakken, konsernsjef i Kleven Verft AS, er godt nøgd både med prosjektet og samarbeidet som vi har hatt med Maersk: - Det er stor stas at vi no leverer frå oss det sjette søsterskipet i Starfishserien. Prosjektet har vore viktig både for Kleven og for alle underleverandørar som har vore involvert. Maersk er ein kvalitet- og sikkerheitsbevisst kunde som vi har lært mykje av, særleg i samband med HMS og igangsetting av maskinerisystem, seier Nakken og held fram: - No når Starfishflåten er komplett, tek vi eit farvel med Maersk for denne gang, og ønskjer dei velkomne tilbake!
- Heilt frå leveringstidspunktet har M-klasse-serien, nokon av dei nyaste fartøya som opererer i olje-service industrien, vist sine avanserte eigenskapar og store kapasitet. Fartøya leverer imponerande resultat innan ei rekke tenester, og vi har mottatt positiv tilbakemelding frå våre kundar over heile verda, seier konsernsjef Steen S. Karstensen, Maersk Supply Service.


Fakta om Mærsk Maker
Mærsk Maker er av typen Salt 200, og har eit ope dekksareal på meir enn 800m2, med 102m2 overbygd dekksareal i tillegg. Ho er også utstyrt med ankerhandteringsvinsj på 450 tonn. Denne er plassert i ei lukka garasje slik at mannskap og utstyr er verna for dei røffe omgjevnadane fartøyet tidvis opererer i. Mærsk Maker har isklasse, og er også klargjort for ROV-operasjonar og oljeoppsamling. Trekkrafta til fartøyet er målt til 260 tonn.

For meir informasjon, kontakt:
Olav Nakken, konserndirektør Kleven – mobil 916 30116

Om Kleven
Kleven har levert over 100 avanserte fartøy for norske og internasjonale kundar sidan 2005. Etter ei utfordrande periode i kjølvatnet av nedgangen i offshore-sektoren, er verftet no eigd av Hurtigruten, og har for tida to hurtigruteskip under bygging. Det ligg også føre intensjonsavtale om bygging av eit tredje hurtigruteskip.

Vedlagte filer

PDF-dokument

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar

Ved å sende inn kommentaren aksepterer du at dine personopplysninger behandles i samsvar med Mynewsdesks Personvernerklæring.