Pressemelding -

Utsett levering av fartøy i Maersk-serien

Kleven og Maersk Supply Service har inngått avtale om utsett levering av ankerhandteringsfartøy som er under bygging ved Kleven Verft.

Partane ser på dette som den beste løysinga slik marknaden for desse skipa er i dag.

- Våre bankar, GIEK og utstyrsleverandørar har vore positive bidragsytarar til å få til ei god løysing, seier konsernsjef i Kleven, Ståle Rasmussen.

Det første fartøyet blei levert i mars i år, medan fartøy nummer to skal leverast i slutten av juni. Dei tre neste fartøya skal etter ny avtale leverast i løpet av 2018, og det siste i byrjinga av 2019.

- Vi har hatt svært stort trykk på anlegget over lengre tid. Utsettinga vil gje oss eit jamnare trykk i produksjonen og betre kapasitetsutnytting. Det er positivt, seier Rasmussen.

Bemanninga på Kleven Verft har dei siste åra vore rekordhøg. Dette vil no verte redusert, og det vil bli permitteringar i enkelte avdelingar i perioder.

Emner

  • Industri, produksjon

Regions

  • Møre og Romsdal

Kontakter

Hans Jørgen Fedog

Pressekontakt Konsernsjef i Green Yard Group +47 92 35 00 20