Nyhet -

​Ikkje nokon store overraskingar i statsbudsjettet

Regjeringa foreslår ei løyving på rett i overkant av 77 millionar kroner til Norsk kulturminnefond. Dette er ei auke på 1,9 millionar kroner frå 2015, og endringa består i hovudsak av priskompensasjon. Midlane skal nyttast til kulturminnetiltak og drift av administrasjon og styre.

- Vi må seia oss nøgde med Regjeringa sitt framlegg, og dei føreseielege rammene dette gjev for kulturminnefondet i 2016. Så kan vi samstundes vona at budsjettforhandlingane som skal førast på Stortinget vil resultera i ei større bevilgning, som vil gjere Kulturminnefondet i stand til å hjelpe enda fleire private eigarar av verneverdige kulturminne med istandsetjing, seier Simen Bjørgen, direktør for Norsk kulturminnefond.

Gjennom målretta og systematisk arbeid har kulturminneforvaltninga lagt vekt på vern gjennom bruk, då dette er den beste forvaltninga av kulturminna. Satsing på kulturminne som ressurs, medverkar til positiv utvikling av byar og stader. Regjeringa peikar på at Kulturminnefondet skal vere eit lågterskeltilbod til private eigarar av verneverdige kulturminne og -miljø. Tilskota blir i hovudsak tildelte istandsetjings- og sikringsprosjekt, og tilskot til prosjekt som fremjar verdiskaping, handverk, næringsverksemd og aktivitet i lokalsamfunnet er prioriterte.

Kulturminnefondet er Klima- og miljødepartementets viktigaste verkemiddelordning for eigarar av verneverdige kulturminne, og samarbeid med eigarane av kulturminne og -miljø skal vere den viktigaste strategien for arbeidet. Kulturminnefondets løyving er ei reindyrka tilskotsordning, og eit lågterskeltilbod som sikrar mangfald og breidde i vernet av kulturminne. Tilskota er eit effektivt bidrag til arbeidet med å betre vilkåra for private eigarar og til å stimulere til privat verneinnsats. Midlane medverkar til at eit mangfald av kulturminne og kulturmiljø kan nyttast om grunnlag for framtidige opplevingar, kunnskap, utvikling og verdiskaping.

Related links

Emner

  • Arkitektur

Kategorier

  • regjeringen
  • statsbudsjett
  • tilskudd
  • restaureringsprosjekt
  • restaurering
  • kulturminner
  • kulturminnefondet
  • kulturminne

Kontakter

Linda Cathrine Herud

Pressekontakt Kommunikasjonsrådgiver +4740060276