Skip to main content

Populære sikringstiltak

Pressemelding   •   feb 24, 2016 09:46 CET

Kulturminnefondets støtteordning for straks- og sikringstiltak er meir og meir populær. Så langt i 2016 har det kome inn 18 søknadar frå heile landet.

Ordninga har eksistert sia 2014, og søknadsmengda aukar. Styret for Kulturminnefondet har avsett tre millionar kroner til føremålet, og søknadane vert handsama fortlaupende fram til 1. september i år.

Til no er det innvilga 230.000 kronar til åtte prosjekt. Mellom dei er væreigarboligen i Sund i Flakstad i Nordland, og Bedinbrygga i Sjøgata 4 i Rissa kommune i Sør-Trøndelag.

Hovudføremålet med ordninga er å hindra at fleire kulturminne går tapt innan eigaren får moglegheit til å gjere meir. Støtta går til tiltak som hindrar vidare forfall innan istandsetjinga kan byrja. Tiltak som støttast kan vere mellombels tetting av tak, dørar eller vindauge, sikringanordning for å hindra utgliding og sammenrasing av til dømes fundament og kjellarar, vegger og tak, eller andre mindre istandsetjingstiltak og enkle reparasjonar.

Støtte til tradisjonshandverk

Også Kulturminnefondets støtteordning til fag- og håndverksseminarar får fleire søknadar, og til no har fire prosjekt fått innvilga midler. Mellom dei er eit tørrmuringsseminar i Oddai Hordaland og eit seminar for tradisjonsbåtbyggare i Asker i Akershus. Styret for Kulturminnefondet avsett inntil ein halv million kroner til dette i 2016, og også her vert søknadane handsame fortlaupande.

Gjennom denne ordninga ynskjer Kulturminnefondet å bidra til at kulturminne- og miljø får auka merksemd i Noreg, for å utvikle møteplassar i ulike delar av landet der relevante faglede tema vert teke opp. Vi håper også tiltaket kan stimulere til utvikling av nye arenaer for samarbeid og kompetanseoverføring med næringslivet og eigarar av kulturminne.

Det vil også vere viktig å prioritera aktivitetar som kan gje grunnlag for kompetanseheving innanfor tradisjonshandverk, ved å bidra til faglege innlegg av høg kvalitet, anten i regi av Kulturminnefondets fagfolk eller andre krefter i vårt nettverk, med målsetting om at engasjementet vil føre til auka verneinnsats.

Norsk kulturminnefond er et statlig forvaltningsorgan med formål om å styrke arbeidet med, og bevare verneverdige og fredete kulturminner, og er et lavterskeltilbud til private eiere av verneverdige kulturminner. 

Kulturminnefondet skal bidra til at et mangfold av kulturminner og kulturmiljøer kan benyttes som grunnlag for framtidig opplevelse, kunnskap, utvikling og verdiskaping. Siden oppstarten i 2003, har Kulturminnefondet delt ut nærmere 500 millioner kroner i tilskudd til bevaring av verneverdige kulturminner i Norge.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar