Skip to main content

Undersøking av Noregs vassressursar

Pressemelding   •   okt 09, 2019 13:28 CEST

1000 statistisk utvalde innsjøar skal undersøkast denne hausten for å oppdatere oversikta over miljøtilstanden (Foto: Liv Lang-Ree, NIVA).

Effektar av ureina luft og nedbør på vassressursar skal no følgjast opp gjennom ei undersøking av om lag 1000 innsjøar i heile Noreg. Det er NIVA som skal gjennomføre undersøkinga på oppdrag frå Miljødirektoratet.

Som eit ledd i Miljødirektoratet sitt arbeid med å halde oversikt over miljøtilstanden i norske innsjøar er det tidlegare gjennomført tre store undersøkingar i Noreg. Den fyrste vart gjennomført i tre etappar med 155+153+719 innsjøar i 1974-1975. Den andre vart gjort hausten 1986, da det vart samla inn vassprøver frå 1005 norske innsjøar. Hausten 1995 vart den hittil siste undersøkinga gjennomført. Da vart det teken vassprøver frå 1500 innsjøar. Av desse vart 500 òg undersøkt i 1986, og her var formålet å sjå utviklinga i vasskjemi sidan 1986. Men det vart òg gjort eit statistisk utval på 1000 sjøar frå kvar region i landet, som skulle gje eit representativt bilete av vasskjemien i heile Noreg.

I 2019 har Miljødirektoratet bestemt at dei 1000 statistisk utvalde innsjøane frå 1995-undersøkinga skal undersøkast på nytt denne hausten for å oppdatere oversikta over miljøtilstanden. Det er status og utvikling i forsuring og næringstilhøve som er sentrale tema. Undersøkinga i år skal i størst mogleg grad gjerast som den i 1995. Data skal samanliknast med data frå 1995, og det er særs viktig å ta prøver frå dei same lokalitetane.

Den faglege bakgrunnen for undersøkinga er at det har skjedd store endringar i viktige miljøfaktorar dei siste 20-30 åra. Sur nedbør har gått kraftig attende. I takt med redusert sur nedbør har og konsentrasjonar av kalsium og magnesium gått ned, og ein fryktar at dette enkelte stader kan gje marginal vasskvalitet for fisk og anna liv. Langtidsdata frå overvaking viser og aukande humusinnhald i vatn, og også dette har vore knytt til reduksjonen i sur nedbør. Klimaet har vorte varmare og det har vore meir hyppige episodar og periodar med ekstremvær, til dømes tørka i Sør-Noreg i fjor sommar. Ein veit ikkje nok om korleis det står til med vasskvaliteten på nasjonal skala i dag.

For effektiv gjennomføring skal flest mogleg av innsjøane prøvetakast frå lufta med helikopter, og NIVA har bedt landets kommuner om landingsløyve for dette. Fleire av innsjøane ligg i verna områder i høgfjellet, og det måtte i dei tilfella og innhentast løyve frå vernemyndigheitene. Omsyn til vilt og reinsdyr skal takast. Vår samarbeidspartner Helitrans har god erfaring med slik flyging.

Landingsløyva gjeld i hovudsak for tidsrommet frå 15. september 2019 og fram til 1. desember 2019. Prøvetakinga starta i nord og i høgfjellet i siste halvdel av september.

Norsk institutt for vannforskning (NIVA) er Norges viktigste miljøforskningsinstitutt for vannfaglige spørsmål, og vi arbeider innenfor et bredt spekter av miljø, klima og ressursspørsmål. NIVAs hovedkontor ligger i Forskningsparken i Oslo. Vi har også fire regionavdelinger i Grimstad, Bergen, Hamar og København, samt en fullskala forskningsstasjon i Oslofjorden.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar

Ved å sende inn kommentaren aksepterer du at dine personopplysninger behandles i samsvar med Mynewsdesks Personvernerklæring.