Gå videre til innhold
NM janitsjar 2017. President i NMF Rita Hirsum Lystad i midten. Foto: Olga Wergeland/NMF.
NM janitsjar 2017. President i NMF Rita Hirsum Lystad i midten. Foto: Olga Wergeland/NMF.

Pressemelding -

​Landets janitsjarkorps møtest til dyst

For 30. gong er det NM janitsjar i Trondheim. Arrangementet med nær 5500 deltakarar frå 113 korps deltar i åtte ulike divisjonar.

Norgesmeisterskapen går av stabelen i Olavshallen, lille og store sal, Royal Garden Hotel og Scandic Nidelven Hotel fredag 5. og laurdag 6. april.

Er du ikkje i Trondheim desse dagane, kan du sjå dei to øvste divisjonane streama på Livestream.com/nmf, med innslag frå dei andre divisjonane. I NM-studio får programleiar Stein Skorpholm følgje med ekspertkommentator Tormod Flaten i 1. divisjon fredag. Laurdag har han med seg Ole Edvard Antonsen som ekspert i elitedivisjonen. Det blir også streama frå Olavshallen Lille sal i 4. og 5. divisjon.

Utstillarane er på plass og i år er alle samla på gateplanet i hovudetasjen. Alle har med seg spennande nytt og er vel verdt eit besøk.

Olavshallen og lokala rundt er ein viktig møteplass for musikarar med felles musikk-interesse. Det blir feststemning når Luftforsvarets Musikkorps med dirigent Per-Otto Johansson inntar scena under festkonsert og premieseremoni laurdagskveld. Dette blir overført frå Olavshallen til Olavshallens lille sal og Royal Garden Hotel.

I appen program.no finn du program, spelerekkefølge og resultat.

Følg #NMjanitsjar og @nmfkorps på sosiale medier denne helga, både på Facebook, Twitter, Instagram og Snap. 

Related links

Emner


Norges Musikkorps Forbund skal gjøre musikkorps til en attraktiv fritidsinteresse for alle barn, unge og voksne.

Kontakter

Erwin Teigen

Pressekontakt Kommunikasjon- og markedsansvarlig 94481415

Relatert innhold

Fellesskap – Trygghet – Mestring – Utvikling

Norges Musikkorps Forbund er landets største frivillige kulturorganisasjon og organiserer nærmere 60 000 medlemmer fordelt på over 1600 korps. To av tre korps er skolekorps og vi er representert i hele landet. HM Kronprins Haakon er organisasjonens høye beskytter.

Norges Musikkorps Forbund
Postboks 674 Sentrum
5807 Bergen
Norway