Skip to main content

Norgesmeister i NM brass 2019 er Eikanger-Bjørsvik Musikklag

Pressemelding   •   feb 09, 2019 22:39 CET

Eikanger Bjørsvik Musikklag er norgesmeistrar for fjerde året på rad. Stig Ryland, styreleiar og Magnar Brandseth jublar etter nok ein NM-tittel. Foto: Håkon Mogstad/NMF.

Norgesmeister NM brass 2019 er Eikanger Bjørsvik Musikklag med totalt 96,25 poeng. For fjerde året på rad vinn EBML NM brass. Stavanger Brass Band kom på andre plass med 95,5 poeng, berre 0,75 poeng bak, medan Manger Musikklag tok tredjeplassen med 94,5 poeng.

Manger Musikklag gjorde ein strålande innsats på sitt sjølvvalde stykke og fekk 98 poeng, medan Stavanger Brass Band fekk 97 poeng. Eikanger-Bjørsvik Musikklag fekk 96 poeng på sitt sjølvvalde stykke.

I 1. divisjon kom Krohnengen Brass Band frå Bergen på fyrste plass med 96 poeng. Kleppe Musikklag frå Askøy på andre plass med 95 poeng og Rong Brass frå Øygarden tok ein tredjeplass med 93 poeng. (Hordalandskorps)

Brøttum Brass frå Hedmark vann 2. divisjon med 96 poeng. Eitt poeng bak kom Sola Brass Band, medan Sørum Musikklag frå Akershus tok ein tredjeplass med 94,5 poeng.

I 3. divisjon gjekk KOS – Krohnengen Old Star, frå Bergen av med sigeren med 97 poeng. Nes Musikkforening frå Hedmark tok andreplassen med 95 poeng, medan Lindås Brass frå Nordhordland kom hakk i hel eit halvt poeng bak på tredjeplassen.

4.divisjon vart vunne av Valdres Brass Band frå Oppland med 94 poeng. Lyshornet Brass frå Hordaland oppnådde 93,5 poeng og tok dermed ein andreplass. Norheimsund Musikklag frå Hordaland enda på tredjeplass med 91 poeng.

IMI Brass frå Rogaland vann 5. divisjon med 94 poeng, Saksumdal Musikkforening frå Oppland kom på andre plass med 92 poeng og Riska Brass Band frå Rogaland enda på ein tredjeplass med 91 poeng.

Bilde frå alle divisjonar finn du i denne lenka: https://www.dropbox.com/sh/3wi5ylv0iqhkaco/AADEwq-pbKtJSbD_yFxTDkQja?dl=0 Krediter: John Vint/NMF.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar

Ved å sende inn kommentaren aksepterer du at dine personopplysninger behandles i samsvar med Mynewsdesks Personvernerklæring.