Pressemelding -
Populært Gardekurs
Mange unge musikantar vil prøve seg som musikkgardist, men under halvparten av dei som søkte om å få plass, får vere med på kurset. Gardekurset er for korpsmusikantar i alderen 16 – 19 år. Dei 60 deltakarane kjem frå heile landet.
- I år var det veldig mange som søkte om å få delta. Korpset skal ha janitsjarbesetning med 60 musikantar inkludert 6 signaltrommer. Uttak går på musikalske kvalifikasjonar, og korpsmusikantar som har delteke på NMFs sommarkurs har fått prioritet, seier nasjonal produsent Berit Handegard.
Kurset er frå 13. august – 19. august i Husebyleiren i Oslo. Det blir ei veke med drill og musikk med Hans Majestet Kongens Gardes musikkorps.
Søndag blir det konsert og drilloppvisning saman med 3. Gardekompani (Gardemusikken) i leiren kl. 1400.
Prosjektet er eit samarbeid mellom Norges Musikkorps Forbund og HMKG.
Related links
Emner
Norges Musikkorps Forbund skal gjøre musikkorps til en attraktiv fritidsinteresse for alle barn, unge og voksne.