Gå videre til innhold
Born frå Noreg, Polen, Spania, Kongo, Somalia, Filippinene og Syra   Foto: Øystein Torheim
Born frå Noreg, Polen, Spania, Kongo, Somalia, Filippinene og Syra Foto: Øystein Torheim

Nyhet -

Fargespel Nordfjord - med kjærleik til folk og land

Når born, unge og unge vaksne frå 16 nasjonar møtast til den aller første Fargespel Nordfjord-produksjonen i Operahuset Nordfjord, vert det eit fyrverkeri av song, dans og symfonisk speleglede! 

Komponist Helge Sunde frå Stryn har leika seg med ord og tonar, stort sett utan grenser frå oppdragsgjevar Opera Nordfjord. Resultatet er ei spennande blanding av folkemusikk, verdsmusikk, nasjonale skattar og populære ballader, bundne saman til forestillinga "Fargespel Nordfjord - med kjærleik til folk og land". 

Opera Nordfjord har blitt ein del av Fargespill, grunnlagt av Ole Hamre og Sissel Saue og deira gode hjelparar i Bergen, og fargespelarane i Nordfjord er veldig glade for på vere ein del av den store Fargespill-familien, som omfattar grupper i fleire norske og svenske byar.

Det er all grunn til å gle seg til Barnemedley, samansett av songar frå seks forskjellige land, somaliske Qul Qul med heftige danserytmer og fengande refreng,  eller kanskje dukkar det opp både Hip-Hop, Dabke frå Syria, Halling og  Nordfjordspringar? Her kan alt skje, og melodiar og motiv kan dukke opp der du aller minst ventar det.

Over 90 fargespelarar skal stå på scena saman med eit 40-tals profesjonelt operaorkester når teppet går på premieren 5. april og dei øvrige framsyningane 6. og 7. april. Musikalsk leiar er Michael Pavelich, og koreograf Candice Bredesen har det overordna ansvaret for den sceniske presentasjonen.

 Både latter- og tåregaranti følgjer med på inngangsbilletten, og det er stor fare for at danseføtene kjem til å leve sine eigne liv under stolradene gjennom det meste av framsyninga. Forestillinga passar for alle aldrar og er perfekt for familien å oppleve saman, heilt uavhengig av musikalske preferansar. Sjeldan har "noko for einkvar smak" passa betre.

Velkomen! 

Billettar: http://www.operahuset.no/operahuset/program/fargespel-nordfjord

Emner

Regions

Kontakter

Kari Standal Pavelich

Kari Standal Pavelich

Pressekontakt Operasjef/produsent Operasjef og pressekontakt 95137226

Distriktsoperaen for Sogn og Fjordane

Stiftinga Opera Nordfjord (ON) vart skipa i 1998 etter initiativ frå ekteparet Kari Standal Pavelich og Michael Pavelich og er i 2017 inne i sin 19. sesong med opera- og operetteproduksjonar. I tillegg til dei årvisse haustproduksjonane har Opera Nordfjord hatt fleire konsertturnéar i fylket, frå klassisk operagalla-repertoar til urframføring av norsk opera og samarbeidsprosjekt med Firda VGS, m.a. Requiem av Verdi. Fire somrar arrangerte ON Opera Workshop for operasongarar og -studentar med Elizabeth Norberg-Schulz, og dei siste åra har ON hatt eit tett samarbeid med Eid VGS om oppsetting av skulemusikalar i vårsemesteret. Arbeidet til ON er tufta på det omfattande og viktige dugnadsarbeidet til fleire hundre frivillige innan m.a. kulissearbeid, kostymesaum, lyssetting, hår og sminke og servering. Samarbeidet mellom profesjonelle aktørar og glade amatørar i kor og produksjonsapparat har vore avgjerande for ON sin framvekst og suksess.

Opera Nordfjord
Gamlebanken, Eidsgata 10
6770 Nordfjordeid
Norge