Gå videre til innhold

Siste nytt

Utvalgt

Utvalgt

  • Opera Nordfjord innbyr til TV-Aksjonskonsert

    Fredag 9. oktober arrangerer Opera Nordfjord sin årvisse konsert i Eid Kyrkje til inntekt for TV-Aksjonen, som i år går til NRC Flyktninghjelpen. Medsverkande er solistar og musikarar frå operaen Carmen.

  • Carmen endeleg tilbake i Operahuset Nordfjord

    30. september er det igjen premiere på operaen Carmen av Georges Bizet i Operahuset Nordfjord, 17 år etter den første Carmen-premieren, når 10 solistar, 5 dansarar, 36 koristar, 20 born og 40 musikarar gir liv til ein av operahistoria sine mest og populære operaer.

  • Meisterverk på turné i stort samarbeidsprosjekt

    Meisterverk er tittelen på konsertturnéen Opera Nordfjord legg ut på i slutten av april, med konsertar i Operahuset Nordfjord fredag 24. april, Førdehuset laurdag 25. april og Parken Kulturhus søndag 26. april. Distriktsoperaen på Nordfjordeid har fått med seg Musikklinjekoret på Firda vidaregåande skule og Ålesund Operakor, og saman med eigne korsongarar vil prosjektkoret telle ca. 110 songarar.

  • OperaKysten med lystig kammeropera i Operahuset Nordfjord


    OperaKysten markerer sitt 10årsjubileum med ei gjenoppsetting av kammeroperaen Der Scahuspieldirektor, eller Teaterdirektøren av Wolfgang Amadeus Mozart, og Opera Nordfjord er stolt samarbeidspart, når operakollegaer frå kysten inntek operascena med vakre tonar og muntert skodespel. I Mozart sin lystige komedie Teaterdirektøren får publikum ein liten, latterleg, men absolutt realistisk sma

  • Romjulskonsert i Eid Kyrkje for Leger uten grenser

    Opera Nordfjord inviterer igjen til støttekonsert i Eid Kyrkje i romjula til inntekt for Leger uten grenser. Profesjonelle artistar og unge lokale talent stiller opp med eit variert program med både vokal- og instrumentalinnslag.

  • Matilda i nynorsk språkdrakt til Opera Nordfjord

    28. november er det premiere på MATILDA-musikalen i Operahuset Nordfjord, med fem påfølgjande forstillingar 29.11., 30.11. 05.12, 06.12. og 07.12..Heile 51 sceneaktørar og 11 musikarar skal forvandle operahuset til eit musikalmekka i to veker, med plass til godt og vel 2900 publikummarar!

Sosiale medier

Då er Carmen-eventyret over for denne gongen, og snart er kvart synlege spor viska vekk av den flotte produksjonen vår🥹. Når transporten tek med seg kulisseelementa, rekvisittskapa og kostymestativa i morgon, gjenstår kun eit par strøk med svartmaling på scenegolvet, og kvardagen er tilbake i Operahuset Nordfjord med nye kulturelle eventyr som ventar i kø🎶. Vi tek med oss fantastiske minne frå ein varm, vakker og lidenskapeleg produksjon saman med kunstnarisk team, solistar, dansarar, operakor, barnekor, orkester, teknisk team og alle frivillige - og eit fantastisk publikum - takk for at de kom, alle❤️🥰!

Det er garantert første gong vi har ein vaskeekte Flamencodansar på scena i operahuset. Møt Gabriel, som gjestar Vestlandet for aller første gong, rett frå Sevilla: Aragú González kjem frå Spania og vaks opp i ein kunstnarfamilie, der både mora, faren og dei tre søstrene alle er dansarar. Sidan 2010 har han laga ni forestillingar for Flamenco Triana-kompaniet, som er eigd av familien hans. I ein alder av 18 år regisserte han allereie si første forestilling. Som 33- åring hadde han hatt premiere på heile sytten forestillingar. Han har arbeidd ved scener i mellom anna Hellas, England, Canada, Nederland, Kina. Flamencodansen hans er prega av ei konstant utforsking av samtidsdans og fysisk teater. Eit godt døme på dette er kompaniet Mimenko, grunnlagt i 2018 saman med skuespillerinna Deidi Lucas. Saman har dei hatt premiere på forestillingene Deriva (2022) og Mimenko (2018). Gabriel har budd i Sevilla sidan 2012, der han har jobba med Cristina Hoyos Ballet og José Galván Company. Han har òg samarbeidd med Galván som koreograf på forestillinga Bailando a Camarón. I tillegg har han koreografert ni forestillingar for det det chilenske kompaniet Flamenco Triana. Han er vinnar av Madroño-prisen i 2022 i kategorien dans, tildelt av byen Madrid til unge kunstnarar. Hans nyaste verk omfattar Los Ojos de Bernardo (2024) og Deshágase la luz (2022), som mottok ein pris frå Escenarios de Sevilla som Beste danseshow 2022. I 2019 skapte han kortstykket Serendipia, som vann ein pris i Madrid Flamenco-konkurransen.

Kontakter