Blogginnlegg -

Kjønn – kva er det?

«Når eg står framfor dykk no, de har sett og høyrdt på meg i omtrent to timer denne undervisinga har vart, trur de at eg er kvinne eller mann?»

Innlegg av: Tore Holte Follestad. Assisterande dagleg leiar Sex og samfunn. Spesialist Sexologisk rådgiving – NACS.

Det vert ein kort augenblink stille i klasseromet før ein av elevane spør: «Kva var det du spurde om?»

«Er eg kvinne eller mann?»

«Mann!»

«Kvifor trur du eg er ein mann?»

«Fordi du har skjegg!» «Fordi du har mørk stemme!» «Du er høg!» «Fordi du har penis!»

Eg svarer: «Er det dette som definerer kjønn? Kan ein ikkje ha skjegg og ha mørk stemme og oppleve seg sjølv som noko anna enn mann?»

«Då er du shemale!» «Conchita!»

«Korleis er det å vere jente som liker å mekke bil, har kort hår og vil bli flypilot – er det ok her på denne skulen?»

Ahmed svarer: «Det er ok, så lenge ho ser bra ut – ho kan bli ein av gutta, det er bra».

«Er det like ok å vere gut og like sminke, hudpleie og mote?»

Anne svarer: «Nei, han får det vanskelig». Anders: «Han banker vi opp»

Kanskje er dette karikert og sett på spissen, men for Sex og samfunn som underviser om seksualitet i overkant av 200 tiendeklasser i Osloskulen kvart år, er dette ikkje uvanleg. Sidan 1993 har vi sett at kunnskap om kva seksualitet og kjønn er har endra seg. Det som ikkje har endra seg, er mangelen på eit seksuelt språk. Ein veit til dømes like lite no som i 1992 kva ein skal kalle dei ulike delane av kroppen ein bruker til sex og kva det er ein gjer med dei. Og når ein utfordrer på kva kjønn er, ser ein verkeleg mangelen på språk og kunnskap. Korleis er det å gå i ei tiande klasse og ikkje ha språk til å skildre seg sjølv eller fortelje kven ein er? Og ikkje minst; korleis sjå at det finnes ei verd av mangfald der ute der ein kan leve fritt?

Kjønn. I endring. Til det betre. No!

Innlegg av: Tore Holte Follestad. Assisterande dagleg leiar Sex og samfunn. Spesialist Sexologisk rådgiving – NACS.

Emner

  • Event

Kategorier

  • tore holte follestad
  • 2015
  • kjønn
  • oslo pride
  • kjønnsnormer
  • sex og samfunn
  • skeiv

Regions

  • Akershus

Kontakter

Rohan Sandemo Fernando

Pressekontakt Kommunikasjonsrådgiver 48104594