Gå videre til innhold
Dokketeater om Blåmann

Pressemelding -

Dokketeater om Blåmann

Blåmann, blåmann bukken min er ei varm og humoristisk dokketeaterframsyning med utgangspunkt i den kjende barnesongen av Aasmund Olavsson Vinje.

BLÅMANN, BLÅMANN BUKKEN MIN

Gjestespel frå Folkeakademienes Landsforbund i samarbeid med Vinjesenteret
DOKKETEATERFRAMSYNING LAURDAG 27. OKTOBER KL. 14.00
MIDTGOLVET i 2. HØGDA PÅ DET NORSKE TEATRET
Arrangementet er gratis

Siw Elena Skinnermoen har laga ei framsyning om det å ha ein god venn som passar for dei aller minste og familien. Med seg på dokkescenen har ho dottera Eirin Skinnermoen. Å ha ein bestevenn som alltid vil leike, tulle og tøyse, og som vekkjer deg når du søv, for å leike meir, det er fint det! Det har Åsmund. Han og Blåmann er bestevenner.

Men ein dag blir Blåmann borte. Kva kan ha skjedd? Kanskje han kjem heim om vi syng? Åsmund diktar ein song til venen sin for å lokke han heim. 

Les meir om Blåmann, blåmann bukken min på Det Norske Teatrets nettsider.

Related links

Emner

Kategorier

Regions



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 220.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge