Dragonblood: Kaotisk sjangermiks på Scene 3
Only Slimes Dragonblood tangerer dei fleste i å blande sjangrar. Resultatet er det dei sjølve kallar ein "fantasy-opera". - Ei på alle måtar ekstrem oppleving. Publikum er med dette åtvara.
Only Slimes Dragonblood tangerer dei fleste i å blande sjangrar. Resultatet er det dei sjølve kallar ein "fantasy-opera". - Ei på alle måtar ekstrem oppleving. Publikum er med dette åtvara.
Det er eit skup at regissør og dramatikar Milo Rau, den politisk engasjerte leiaren av Wiener Festwochen, no gjer eit stopp på RESISTANCE NOW-turneen på Det Norske Teatret.
Fossefestivalen DIFF 2025 har trekt eit rekordhøgt antal publikum. Opningshelga var full med Fosse-premierar, samtalar og gjestespel. Men det er fleire høgdepunkt i vente. DIFFs høge beskyttar, H.K.H. Kronprinsesse Mette-Marit er venta til festivalen i morgon, onsdag, for å oververe lesesirkelen som tar for seg romanen Naustet av jon Fosse.
I morgon sparkar Fossefestivalen i gang med lansering av Vaim, den nye romanen til Jon Fosse. Deretter blir det premiere på Vinter i ei nytolking av det belgiske stjerneskotet Lisaboa Houbrechts. Laurdag byr vi på urpremiere på Skodespelet, eit heilt nytt stykke frå Fosses hand.
DIFF - Den internasjonale Fossefestivalen - framstår i si fjerde utgåve både i ny drakt og meir slagkraftig enn nokon gong. Festivalen har fått HKH Kronprinsesse Mette-Marit til høg beskyttar og litteratursensasjonen Édouard Louis som årets æresgjest. Med eit stjernespekka program, knallsterke framsyningar og internasjonale gjestespel vil både kjennarar og dei som møter verka hans for første gang
- Eg har kjensla av at det ligg noko her som vi ikkje snakkar om, seier dramatikar og regissør Nina Wester. Det er terroren som roka under Oslo Pride 25. juni i 2022 ho siktar til. Det vi ikkje snakkar om, ønskjer ho no å få fram i lyset og opp på scenen. I 2027 blir det teater, men først er ho ute etter å sanke inn historier og stemmer frå ulike lag av befolkinga.
- Å stå saman i kampen for likeved og retten til å elske den ein vil, er ein viktig verdi heile året. Eg er veldig glad for at vi i år kan vere med på å markere dette ekstra under Pride, seier teatersjef Kjersti Horn, som for første gong opnar huset under Oslo Pride.
Det Norske Teatret har i utgangspunktet gått inn i sommardvale - men i år opnar huset dørene under Oslo Pride. Det blir utstillin