Pressemelding -
Eks-radikalisert ungdom til scenen
To blei radikaliserte ekstremistar. Ein møtte radikalismen på andre sida av geværmunningen på Utøya. Det er sterke historier som blir fortalde av det unge ensemblet på Hovudscenen. Sanne og personlege historier om å ikkje passe inn, om å på ein eller annan måte bli definerte på utsida av fellesskapet, og kva dette kan føre til.
UTAFOR
av Svein Tindberg og Just Unity
URPREMIERE 13. APRIL KL. 20.00
HOVUDSCENEN
Faten Mahdi Al-Hussaini, kjent frå Faten tar valget på NRK, tek no steget inn på scenen i kampen mot utanforskap og radikalisering. I lag med Yousef Al-Nahi, som konverterte til islam som 17-åring, driv ho til dagleg Just Unity. Dei har som formål å forebygge radikalisering og ekstremisme blant ungdom. Begge har ei fortid som radikaliserte, og Yousef var i den nære kretsen rundt Ubaydullah Hussain i Profetens Ummah, da han akkurat hadde konvertert til islam.
Fire unge stemmer
Det Norske Teatrets skodespelar Svein Tindberg har i årevis arbeidd med trusspørsmål, og kontakta Just Unity i håp om å lage ei framsyning om nettopp radikalisering og ekstremisme. Med seg på laget har dei også Tor Itai Keilen med jødisk bakgrunn og Siri Marie Seim Sønstelie, som er overlevande frå Utøya. Dei har begge opplevd ekstremisme på kroppen.
Kamp mot ekstremisme
På scenen møter vi også andre ungdomar som har kjent på ulike sider ved det å hamne utafor. Det kan vere mobbing, utsjånad, at ein har ei anna tru eller livssyn - det er mange grunnar til at barn og ungdom kan kjenne seg på utsida. Framsyninga ønskjer å formidle viktigheita av å sjå dei som fell utanfor. Inkludering, dialog og fellesskap er eit sentralt våpen i kampen mot radikalisering, og Utafor er meint som eit middel i denne.
Svein Tindberg debuterer
Framsyninga er ein vev av sterke vitnesbyrd om erfaringar med ekstremisme, presentert av eit ungt ensemble gjennom forteljingar og dans. Musikken er ved Øystein Skar, kjent frå indiepopgruppa Highasakite. Skodespelar Svein Tindberg har tidlegare stått bak framsyningar som Markusevangeliet og Abrahams barn, men dette er første gang han også står for regien av framsyninga.
Emner
Kategorier
Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 220.000 publikummarar årleg.