Gå videre til innhold
Fargespill er ein eksplosjon av ulike uttrykk. Foto: Thor Brødreskift.
Fargespill er ein eksplosjon av ulike uttrykk. Foto: Thor Brødreskift.

Pressemelding -

"Fargespill" frå Oslo

Fargespill har i 13 år laga framsyningar som feirar det nye norske med utgangspunkt i Bergen. I år kjem det endeleg ein versjon som viser kva som bur i det nye Oslo. Sidan framsyninga har som formål å verke samlande, har framsyninga fått namnet Vi.

FARGESPILL - OSLO: VI
26. MAI KL. 18.00 OG 27. MAI KL. 16.00
HOVUDSCENEN

Sør-afrikansk gamboot-dans i møte med norsk gangar, klappeleikar frå heile verda i eit stort polyfonisk fellesskap, palestinske folketonar som møter punjab-banghra-dans, slam poetry i lag med Sven Svane og fallturillturalltura i møte med habibi habibi - dette er Fargespill. Oslo er ein levande by med kulturar frå alle verdsdelar, og i Fargespill-Oslo blir dette til ei stor forteljing om oss som har blitt kalla Vi

På scenen møtest rundt 100 barn og unge frå heile verda – frå ulike delar av Oslo – som i lag med profesjonelle musikarar, tar publikum med på ei musikalsk reise. Det handlar om menneske, identitet, utprøving av det å høyre til og ikkje minst; vennskap. Vi tar utgangspunkt i song og dans som desse unge, lovande har tatt med seg frå sin oppvekst. Dei grip inn i kvarandre og på den måten blir det ei forteljing om oss alle.

MEIR ENN EI FESTFRAMSYNING

Fargespill er langt meir enn ei framsyning. Filosofien bak er at vi kan møtest som likeverdige, sjølv om vi har ulik bakgrunn. Målsetjinga er å synliggjere mangfoldets moglegheiter gjennom kunstnarlege uttrykk. Sidan oppstarten i 2004 har framsyningane Fargespill har produsert blitt sette av over 185 000 publikumarar i inn- og utland.

Mange av aktørane er kome til Noreg som flyktningar og innvandrarar, andre har vokst opp her. Det er desse unge, lovande aktørane som er grunnstammen i Fargespill. Framsyningane veks fram baserte på kulturskattane aktørane har med seg frå sine respektive kulturar og oppvekst. Tonar, rytmar og rørsler blir blanda med kvarandre og med tradisjonell norsk folkemusikk og global ungdomskultur som hip hop og beatboxing. Ideen er at kraftfull scenisk formidling er avhengig av både sterke historier og eit høgt profesjonelt nivå.

Les meir på Det Norske Teatrets nettsider.

Meir om Fargespill.

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 220.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge