Gå videre til innhold
Hans Børli. Foto: Arild Hagen
Hans Børli. Foto: Arild Hagen

Pressemelding -

Festkveld for Hans Børli

8. desember 2018 er det 100 år siden Hans Børli (1918–1989) blei født. Den offisielle avslutninga på jubileumsåret for den folkekjære lyrikaren er ei festframsyninga på Det Norske Teatret 4. desember.

BØRLI 100 ÅR 
TYSDAG 4. DESEMBER KL 20.00
HOVUDSCENEN

Børli har gjerne blitt kalla «skogens diktar», fordi han hentar mange av motiva sine frå skogen og arbeidde som tømmerhoggar heile livet, men denne merkelappen hadde han sjølv eit ambivalent forhold til. Han hevda at overgangen til motorsag i femtiåra forandra inspirasjonen hans. Motorlarmen og effektivitetsjaget øydela kontakten med naturen.

Det store i det vesle
Gjennom jubileumsåret har fleire peika på dei eksistensielle problemstillingane som han set lys på gjennom diktinga si. Børli viser det store i det vesle. Dikta er ofte opne og undrande. Kanskje er det derfor så mange les Børli i dag?

Festframsyninga blir ei blanding av dikt, tonesette dikt og betraktningar. Åse Kleveland er konferansier, og med seg på scena får ho blant andre Anne Marit Jacobsen, Sinikka Langeland, In The Country med Frida Ånnevik, Georg Buljo, Camilla Granlien, Erik Lukashaugen, Bjørge Verbaan, Ane Dahl Torp, Sjur Miljeteig, Vidar Sandem, Sverre Eier, Sigbjørn Johnsen og Mímir Kristjánsson.

Meir om festframsyninga finn du på heimesida til Det Norske Teatret

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 220.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge