Pressemelding -
Frank Kjosås debuterer som regissør
Skodespelarane Rolf Kristian Larsen og Frank Kjosås debuterer begge i uvande roller med eit stykke om å leve medan det enno er tid.
l.i.f.e.g.o.e.s.o.n
av Rolf Kristian Larsen
URPREMIERE TORSDAG 25. OKTOBER KL. 20.30
PÅ SCENE 3
I rollene: Heidi Gjermundsen Broch, Ingeborg Sundrehagen Raustøl, Frode Winther, Joachim Rafaelsen og Peiman Azizpour
Komponist: Sandra Kolstad
Rolf Kristian Larsen, kjend for eit breitt norsk publikum som Eivind Brattskjær i Heimebane, debuterer som dramatikar. Frank Kjosås, kjend for tallause roller ved teatret og på lerretet, debuterer på regi. Med seg på Scene 3 har dei fått ein erfaren skodespelar når dei no er aktuelle med l.i.f.e.g.o.e.s.o.n. Her møter vi Heidi Gjermundsen Broch i rolla som Brille, ei middelaldrande, relativt grå kvinne tilsett i byråkratiet. Ho har mista lysta på livet etter at mannen døde for over 20 år sidan. Dottera og ho har glidd ifrå kvarandre, og det einaste ho har levd for er å skjøtte jobben til punkt og prikke. Inntil ho ein dag får ein svært dårleg beskjed frå legen om at ho ikkje har lenge igjen å leve. Regissør Frank Kjosås håper publikum vil få ein slags vekkar om korleis dei lev liva sine: - Samtidig er det ein slags naivistisk hylling til livet, seier han.
- Vi må rekke å leve før vi døyr, seier dramatikar Rolf Kristian Larsen.
Etter samtalen på legekontoret strener Brille til næraste bar. Dette har ho ikkje gjort på lenge, i alle fall ikkje åleine. Og sidan ho er totalt slått ut av vissheita om at ho snart skal døy, endar ho opp med å ta det heilt ut. Alt som har demma seg opp i henne kjem i fri flyt. Det blir ganske ekstremt, ganske komisk, men også sårt.
Related links
Emner
Kategorier
Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 220.000 publikummarar årleg.