Gå videre til innhold
Jon Fosse blir æresprofessor ved Shanghai Theatre Academy same år han runder 60 år og er gjenstand for ein heil festival på Det Norske Teatret. Foto: Siren Høyland Sæter
Jon Fosse blir æresprofessor ved Shanghai Theatre Academy same år han runder 60 år og er gjenstand for ein heil festival på Det Norske Teatret. Foto: Siren Høyland Sæter

Pressemelding -

Jon Fosse blir utnemnt til æresprofessor ved Shanghai Theatre Academy

Jon Fosse blir utnemnt til æresprofessor ved Shanghai Theatre Academy, laurdag 15. juni på Det Norske Teatret.

LAURDAG 15. JUNI KL. 15.30
SPEGELBAREN, ANDRE HØGDA I DET NORSKE TEATRET

Ein delegasjon frå Shanghai Theatre Academy med president Huang Changyong i spissen, legg turen til Oslo og Det Norske Teatret for å utnemne forfattaren og dramatikaren Jon Fosse til æresprofessor. Shanghai Theatre Academy er ein av Kinas viktigaste institusjonar for utdanning i skodespelar- og teaterfaget. Akademiet har ei 70 år lang historie og har utvikla seg frå å tilby eit reint fagstudium til å bli eit av dei sentrale universiteta for utøvande kunst.

Jon Fosses stykke har ved fleire høve vore sett opp ved akademiet i Shanghai. Den kinesiske omsetjaren til Fosse, Lulu Zou, arbeider som engelskprofessor ved institusjonen og vil vere til stades under utnemninga.

Fossejubileum
I år er det 25 år sidan Jon Fosse debuterte som dramatikar, og i september fyller diktaren 60 år. Dette blir markert 6. til 15. september med Den internasjonale Fossefestivalen på Det Norske Teatret.

Fosse sine stykke har fått over 600 oppføringar over heile verda og etter Ibsen er han vår største dramatikar. Han har fått ei rad utmerkingar og prisar. Fosse bur i Statens æresbustad for kunstnarar (Grotten), han har fått Nordisk Råds litteraturpris, er Kommandør av Den Kgl. St. Olavs Orden, er tildelt Heddas- og Brageprisens ærespris, Den internasjonale Ibsenprisen og Nestroy-prisen. I fleire år har han vore nemnd som kandidat til Nobelprisen i litteratur. 
Den internasjonale Fossefestivalen finn stad 6.-15. september .

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge