Pressemelding -
Jon Fosses kritikarroste roman til scenen
Det er Ales handlar om noko så banalt og noko så evig som havet, kjærleiken og døden. Forfattar og skodespelar Maria Sand har sjølv dramatisert romanen for teaterscenen.
DET ER ALES
NOREGSPREMIERE LAURDAG 28. JANUAR KL. 18.30
SCENE 3, DET NORSKE TEATRET
Framsyninga hadde urpremiere i Italia i fjor, men er no klar for Noregspremiere på Scene 3. Det er mest som eit familieprosjekt, dette: Skodespelar og forfattar Maria Sand har sjølv dramatisert Fosses roman for scenen, medan ektemannen Gianluca Ilumiento står for regi. På scenen står Maria Sand og mor Elisabeth Sand. Saman skildrar dei ei vond generasjonshistorie om tap og savn.
Det handlar om Signe, som har mista mannen sin. Asle kom aldri tilbake etter ein sein kveld i robåt på fjorden i 1979. 23 år seinare står Signe framleis og ser ut over fjorden, frå huset dei budde saman i, og som har tilhøyrt Asles familie i generasjonar.
Det er Ales hausta svært gode kritikkar da den kom ut på Samlaget i 2004. Romanen stiller dei store spørsmåla om kva som gjer livet mogleg å leve, og korleis vi menneske bearbeidar traume på tvers av og uavhengig av tid.
Related links
Emner
Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 200.000 publikummarar årleg.