Gå videre til innhold
Husregissørar ved Det Norske Teatret, f.v. Johannes Holmen Dahl, Peer Perez Øian og Kjersti Horn
Husregissørar ved Det Norske Teatret, f.v. Johannes Holmen Dahl, Peer Perez Øian og Kjersti Horn

Pressemelding -

Nye husregissørar ved Det Norske Teatret

I perioden 2020 til 2025 har Det Norske Teatret tilsett heile tre nye husregissørar. Johannes Holmen Dahl, Kjersti Horn og Peer Perez Øian har alle takka ja til å vere med og prege repertoaret ved teateret. 

Desse vil vere del av den kunstnarlege staben ut perioden til teatersjef Erik Ulfsby, som grunngir valet av dei tre med at dei er blant Noregs mest spennande regissørar. - Dei er ambisiøse på vegner av teateret som kunstform, og dei er modige i tilnærminga til stoff og menneske. Estetisk representerer dei ulike delar av det moderne teateret, og eg er heilt sikker på at dei samla vil bidra til å gjere Det Norske Teatret enda sterkare i åra frametter, seier Erik Ulfsby om tilsetjinga.

Peer Perez Øian

Peer Perez Øian har sidan 2014 vore knytt til teateret som husregissør. At teatersjefen no ønskjer å forlenge avtalen, blir mottatt med glede. – Det ser eg på som ei tillitserklæring. Eg ser fram til å halde fram med å utvikle meg som regissør på eit dynamisk, ambisiøst og inkluderande teaterhus med dedikerte og dyktige medarbeidarar i alle avdelingar, seier Perez Øian som gler seg til å få nye kollegaer. - Eg gler meg også stort til å inngå i eit regi-kollegium med Kjersti og Johannes; to regissørar eg respekterer høgt for kunstnarleg mot og personleg integritet. Eg er sikker på at dei vil bidra til å heve den kunstnarlege diskursen på huset ytterlegare i åra som kjem.

Kjersti Horn

Kjersti Horn har i inneverande sesong sett godt avtrykk frå seg i repertoaret ved Det Norske Teatret. Gjennom dramatiseringa og iscenesetjinga av Edouard Louis’ kritikarroste roman Valdens historie, har ho på sitt sedvanlege vis klart å knytte kunsten og politikken saman. Tidlegare har hennar dramatisering og iscenesetjing av Eg er Eddy Belleguele også vore vist ved teateret. Kjersti Horn er ein regissør som viser mot, som sprenger grenser og som våger å blottstille det ufullkomne. Sjølv synest ho det er eit privilegium å kunne gå i gang med eit meir omfattande kunstnarleg samarbeid med Det Norske Teatrets sterke skodespelarensemble. - Det er inspirerande å vere del av og bidra til den imponerande breidda i sjanger og repertoartilbod som Det Norske Teatret har vist til dei seinare åra, seier Kjersti Horn om engasjementet.

Johannes Holmen Dahl

Johannes Holmen Dahl har gjennom denne vårens mektige Antigone på Hovudscenen for alvor vist at han er eit reginamn å halde auge med. Dahl har i dei knappe tre åra sidan har gjekk ut frå KHiO utmerkt seg med kritikarroste oppsetjingar ved Nationaltheatret, Trøndelag Teater og Dramaten i Stockholm. Også Johanns Holmen Dahl er glad for moglegheitene eit langsiktig samarbeid med eit teater gir. - Eg er takknemleg for denne oppgåva. Kontinuitet er viktig i vårt arbeid, at vi får høve til å tenke langsiktig har mykje å seie. Vi kan ta større sjansar, og vi slepp å starte på nytt kvar einaste gong, seier han om perioden som ventar ved Det Norske Teatret.

Emner



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 220.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge