Gå videre til innhold
Ola G. Furuseth spelar Per Viggo som er ni år, har ADHD og drøymer om Egypt. Foto: Siren Høyland Sæter.
Ola G. Furuseth spelar Per Viggo som er ni år, har ADHD og drøymer om Egypt. Foto: Siren Høyland Sæter.

Pressemelding -

Om hyperaktivitet for barn

Korleis er det å vere 9 år og kjenne seg misforstått av alt og alle? Barneframsyninga HyPer i Egypt formidlar med humor og varme korleis verda ser ut for Per Viggo, som har ADHD.

HyPer i Egypt 
URPREMIERE LAURDAG 17. NOVEMBER KL. 18.00
SCENE 2

Per Viggo (Ola G. Furuseth) har maur i rumpa og klarer ikkje å sitte i ro verken på skolen eller heime. Læraren hatar han. Kjærasten til mora gjekk ifrå henne etter at Per Viggo øydela heile vinylsamlinga hans. Ho ber sonen prøve å vere litt snillare med dei andre elevane, men Per Viggo synest dei er noke rævhol. Han skal eigentleg ta ritalinpiller kvar dag, men gløymer stadig å ta dei…


Normal galskap

- Det er viktig å gi ein stemme til dei som kjenner seg annleis. Dei som gjer galne ting vi ikkje tør gjere sjølv. Som Pippi og Emil. Det er klart det er mange av desse barna som har det vondt, men eg er også redd for at rommet for det eg kallar «heilt normal galskap» blir mindre og mindre, seier regissør Petter Næss. Han har tidlegare hatt regien på filmane om Elling, og har god erfaring med å fortelje historier om dei som er litt annleis med innsikt, humor og varme. Per Viggo er også ein slik type som liksom ikkje «passar heilt inn». Dette skapar problem for han kvar einaste dag, utan at Per Viggo sjølv heilt skjønar kvifor.

Mista faren

Kanskje kan vanskane til Per Viggo sporast tilbake til da faren døydde. Søstera slutta å snakke, Per Viggo byrja å ha problem med å forhalde seg til alle rundt seg. Dei einaste han kan snakke med er søstera (som faktisk snakkar om natta), mora og Ramses II, som han også snakkar med kvar natt. Faren gav Per Viggo ei bok om egyptologi før han døydde, og no er Per Viggos største mål i livet å komme seg til pyramidane i Egypt for å få eit ord med Ramses II ansikt til ansikt: Han veit nemleg noko om faren. Og ein dag Per Viggo blir sendt til rektor (igjen), viser det seg at dei to faktisk deler interessen for Egypt, og dei drar ut på ei reise som blir avgjerande for dei begge.

Lærar og dramatikar

Vidaregåandelærar og forfattar Thor Soltvedt debuterer som dramatikar med forteljinga om Per Viggo. Han har skrive fleire bøker om gutar med ADHD og åtferdsvanskar. Han gløymer aldri villstyringen som bygde pyramide av pultane i klasserommet, og derfor har denne scenen også fått plass i teaterstykket. Framsyninga er tiltenkt barn frå 8 år, men Soltvedt trur også at foreldre og lærarar kan ha nytte av å sjå framsyninga: - Alle kan nok kjenne seg igjen i Per Viggo, men eg håpar også publikum vil få litt betre forståing for barn som har ADHD.

Les meir om HyPer i Egypt

Related links

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 220.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Relatert innhold

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge