Gå videre til innhold
Evy Kasseth Røsten og Paul-Ottar Haga. Foto: Jorunn Vodahl.
Evy Kasseth Røsten og Paul-Ottar Haga. Foto: Jorunn Vodahl.

Pressemelding -

Paul-Ottar Haga og Evy Kasseth Røsten med Olav Duun-framsyning

Det Norske Teatrets skodespelar Paul-Ottar Haga står på scenen i lag med kona Evy Kasseth Røsten i ei framsyning basert på Olav Duuns roman om den vanføre Daniel.

PÅ TVERT
basert på boka av Olav Duun
OSLO-PREMIERE TYSDAG 30. OKTOBER KL. 20.30
SCENE 3
Gjestespel frå Turnéteatret i Trøndelag

På tvert er ein av Olav Duuns første romanar, og har blitt til eit varsamt forteljarteater der dei to skodespelarane og teksten står i sentrum. Med stor psykologisk innsikt skildrar Duun korleis Daniel må kjempe ein tøff kamp for å skape seg ei framtid. Men som vellykka og framstormande forretningsmann ber Daniel helie tida på eit inderleg ønskje om å lykkast også med den vanskelege kjærleiken. Det handlar om å finne styrke og aldri gi opp, finne sin plass og overleve, i opposisjon til alt og alle.

RESPEKTERT OG NOBELPRISNOMINERT

I samtida blei Olav Duun møtt med stor respekt både i Noreg og internasjonalt. Frå 1924 til 1939 var han kandidat til Nobelprisen i litteratur nesten kvart år.

Historia om Daniel blir fortald i ein ekspressiv og direkte forteljarstil, i samspel med Asgeir Skroves musikk.

INTRODUKSJON FØR FRAMSYNINGA
ved Grethe Fatima Syéd
31. OKTOBER KL. 20.00 og 1. NOVEMBER KL. 18.30.

Olav Duun – folkekjær eller gløymd? Få skildrar livet så treffande som Olav Duun. Han er ein sylskarp iakttagar av det skrøpelege og store i livet. Han er nominert til Nobels litteraturpris ei rekke gonger og er ein bauta i norsk litteratur. Likevel er det mange som avskriv han som utdatert. Kva kjem det av? Litteraturvitar Grethe Fatima Syéd har skrive boka Olav Duun. Kunsten, døden og kjærlighetens dikter. Høyr henne samtale med skodespelarane Paul-Ottar Haga og Evy Kasseth Røsten på Scene 3 før framsyninga.

Related links

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 220.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge