Gå videre til innhold
Elevar frå Musikklinjekoret ved Firda vidaregåande skule under intens øving tysdag kveld
Elevar frå Musikklinjekoret ved Firda vidaregåande skule under intens øving tysdag kveld

Pressemelding -

Musikklinjekoret og Opera Nordfjord klare for turné

Romantiske operasvisker og storslagen messe

Etter fleire månader med intense korøvingar er både Musikklinjekoret på Firda og operakoret til Opera Nordfjord snart klare for Puccini-turné i fylket. Onsdag føremiddag er orkesteret på 40 musikarar på plass til første øving i Trivselshagen, og etter kvart kjem både tenoren Evan Bowers og bassen Magne Fremmerlid og gjer ensemblet komplett.

Alle medverkande gler seg til den siste, inspirerande innspurten, når alle endeleg er samla, og Puccini sin vakre musikk får den siste finpussen saman med dirigent Michael Pavelich. Programmet er todelt, med kjende operautdrag frå La Bohème, Manon Lescaut, Madama Butterfly og Tosca i første avdeling og det storslagne korverket Messa di Gloria. Den vakre messa låg vekkgøymt frå premieren i 1878 til den vart gjenoppdaga i 1952, og no får publikum ein unik sjanse til å høyre dette verket, som aldri har vore framført i fylket før.

Opera Nordfjord garanterer høg gåsehudfaktor når unge korstemmer blandar seg med vaksne, erfarne koristar og profesjonelle solistar og musikarar.

Publikum kan oppleve konserten i Trivselshagen på Sandane fredag 24. mars, i Operahuset Nordfjord laurdag 25. mars og i Førdehuset søndag 26. mars.

Emner

Regions


Opera Nordfjord vart starta i 1998 etter idé frå Kari Standal Pavelich og ektemannen Michael Pavelich, som framleis er sentrale i administrasjon og kunstnarisk leiing. Distriktsoperaen har sidan starten hatt store årlege operaproduksjonar på Nordfjordeid, takka vere omfattande dugnadsinnsats av ca. 200 frivillige. I tillegg til hovudproduksjonen om hausten turnerer Opera Nordfjord med eit nytt konsertprogram kvar vår til konsertstader på nordvestlandet. Samarbeid med andre aktørar står sentralt i operaen sitt virke, Eid vidaregåande skule er fast samarbeidspart i produksjon av kulissar og rekvisittar kvar haust, og Musikklinjekoret ved Firda vidarergåande skule har jamnlege konsertsamarbeid om våren. I tillegg er det eit utstrakt samarbeid med andre distriktsoperaer og Den Norske Opera & Ballett gjennom samproduksjonar eller utleige/lån av delproduksjonar. Familieproduksjonen vart innført i 2013 med balletten Nøtteknekkaren. Sidan har både The Sound of Music og Du er god, du, Charlie Brown fått god mottaking av publikum. Fast spelestad er Operahuset Nordfjord på Nordfjordeid, og administrasjonen har kontorstad i ærverdige Gamlebanken i Eidsgata.

Kontakter

Kari Standal Pavelich

Kari Standal Pavelich

Pressekontakt Operasjef/produsent Operasjef og pressekontakt 95137226

Distriktsoperaen for Sogn og Fjordane

Stiftinga Opera Nordfjord (ON) vart skipa i 1998 etter initiativ frå ekteparet Kari Standal Pavelich og Michael Pavelich og er i 2017 inne i sin 19. sesong med opera- og operetteproduksjonar. I tillegg til dei årvisse haustproduksjonane har Opera Nordfjord hatt fleire konsertturnéar i fylket, frå klassisk operagalla-repertoar til urframføring av norsk opera og samarbeidsprosjekt med Firda VGS, m.a. Requiem av Verdi. Fire somrar arrangerte ON Opera Workshop for operasongarar og -studentar med Elizabeth Norberg-Schulz, og dei siste åra har ON hatt eit tett samarbeid med Eid VGS om oppsetting av skulemusikalar i vårsemesteret. Arbeidet til ON er tufta på det omfattande og viktige dugnadsarbeidet til fleire hundre frivillige innan m.a. kulissearbeid, kostymesaum, lyssetting, hår og sminke og servering. Samarbeidet mellom profesjonelle aktørar og glade amatørar i kor og produksjonsapparat har vore avgjerande for ON sin framvekst og suksess.

Opera Nordfjord
Gamlebanken, Eidsgata 10
6770 Nordfjordeid
Norge