Gå videre til innhold
Frisør og frivillig Kari Flaten ordnar håret til Karen Ueland før premieren på Du er god, du, Charlie Brown. Til venstre: Kaisa Flaten Brekke. Foto: Øystein Torheim
Frisør og frivillig Kari Flaten ordnar håret til Karen Ueland før premieren på Du er god, du, Charlie Brown. Til venstre: Kaisa Flaten Brekke. Foto: Øystein Torheim

Pressemelding -

Opera Nordfjord innbyr til operadugnad

Det er snart klart for dei første førebuingane til årets hovudproduksjon, Sildgapet, ein opera om havets sølv, av Jostein A. Fretland og Helge Sunde. Arbeidet med å fylle dei forskjellige dugnadsgruppene med frivillige er så vidt i gong, og operaen ønskjer no å gå breitt ut og innby alle interesserte til å melde seg til operadugnad

Ein treng frivillige til å snekre kulissar, sy og tilpasse kostyme, ordne hår og sminke, vere publikumsvertar, kjøkenhjelparar, garderobevakter, parkeringasvakter og scenearbeidarar. Til operakoret treng ein kvinner og menn i alle aldrar. Dansarar som er ekstra gode til å danse sving – både ungdomar og vaksne - er velkomne til å melde seg. Barnekor med gutar og jenter i barne- og ungdomsskulealder, frå og med 9-10 år og oppover får kjekke oppgåver i 2. akt, og det er òg trong for nokre statistar i forskjellige roller.

Opera Nordfjord ønskjer å få med aktørar frå alle Nordfjord-kommunane når ein skal fortelle om den spennande sildehistoria, som heile fjorden var involvert i. Kassesnikkarane i indre Nordfjord var like viktige som fiskarane på kysten.

Nytt av året er at ein no går ut og ønskjer hjelp frå lokalbefolkninga i heile Nordfjord for å få på plass tidsriktige klede og sko frå midten av 1950-talet, frå blomstra sommarkjolar, fine drakter, kåper og hattar til arbeidskle, som tresko, støvlar, ullundertrøyer, ullgensarar, kofter og hodeplagg.

Nøter, bøyer, reiskap, sildekasser, tretaljer, saltsekkar og andre tidstypiske sildefiskerekvisittar er særleg kjærkomne bidrag, enten ein vil låne ut eller gje bort. 

Om du har lyst til å delta i det nye sildeeventyret, er det berre å ta kontakt med operasjef Kari Standal Pavelich. Operaen ønskjer alle velkomne til samarbeid, enten ein berre har tid til eit par publikumsvakter eller vil synge i koret frå april til oktober.

Emner

Regions


Opera Nordfjord vart starta i 1998 etter idé frå Kari Standal Pavelich og ektemannen Michael Pavelich, som framleis er sentrale i administrasjon og kunstnarisk leiing. Distriktsoperaen har sidan starten hatt store årlege operaproduksjonar på Nordfjordeid, takka vere omfattande dugnadsinnsats av ca. 200 frivillige. I tillegg til hovudproduksjonen om hausten turnerer Opera Nordfjord med eit nytt konsertprogram kvar vår til konsertstader på nordvestlandet. Samarbeid med andre aktørar står sentralt i operaen sitt virke, Eid vidaregåande skule er fast samarbeidspart i produksjon av kulissar og rekvisittar kvar haust, og Musikklinjekoret ved Firda vidarergåande skule har jamnlege konsertsamarbeid om våren. I tillegg er det eit utstrakt samarbeid med andre distriktsoperaer og Den Norske Opera & Ballett gjennom samproduksjonar eller utleige/lån av delproduksjonar. Familieproduksjonen vart innført i 2013 med balletten Nøtteknekkaren. Sidan har både The Sound of Music og Du er god, du, Charlie Brown fått god mottaking av publikum. Fast spelestad er Operahuset Nordfjord på Nordfjordeid, og administrasjonen har kontorstad i ærverdige Gamlebanken i Eidsgata.

Kontakter

Kari Standal Pavelich

Kari Standal Pavelich

Pressekontakt Operasjef/produsent Operasjef og pressekontakt 95137226

Distriktsoperaen for Sogn og Fjordane

Stiftinga Opera Nordfjord (ON) vart skipa i 1998 etter initiativ frå ekteparet Kari Standal Pavelich og Michael Pavelich og er i 2017 inne i sin 19. sesong med opera- og operetteproduksjonar. I tillegg til dei årvisse haustproduksjonane har Opera Nordfjord hatt fleire konsertturnéar i fylket, frå klassisk operagalla-repertoar til urframføring av norsk opera og samarbeidsprosjekt med Firda VGS, m.a. Requiem av Verdi. Fire somrar arrangerte ON Opera Workshop for operasongarar og -studentar med Elizabeth Norberg-Schulz, og dei siste åra har ON hatt eit tett samarbeid med Eid VGS om oppsetting av skulemusikalar i vårsemesteret. Arbeidet til ON er tufta på det omfattande og viktige dugnadsarbeidet til fleire hundre frivillige innan m.a. kulissearbeid, kostymesaum, lyssetting, hår og sminke og servering. Samarbeidet mellom profesjonelle aktørar og glade amatørar i kor og produksjonsapparat har vore avgjerande for ON sin framvekst og suksess.

Opera Nordfjord
Gamlebanken, Eidsgata 10
6770 Nordfjordeid
Norge