Gå videre til innhold
Frå Måløy på 50-talet. Foto: Odd Oldeide, Fjordenes Tidende.
Frå Måløy på 50-talet. Foto: Odd Oldeide, Fjordenes Tidende.

Pressemelding -

Sildeopera med sjalusi og kjærleik

Opera Nordfjord sitt tingingsverk Sildagapet av Jostein Avdem Fretland og Helge Sunde er snart ferdigskrive, og dei fleste solistane er endeleg klare for presentasjon. Det vert ei fin blanding av songarar med lokal og regional tilknyting og ein «gjestesolist» frå Nord-Norge.

Vi får eit hyggeleg gjensyn med sopranen Helga Botn, opprinneleg frå Volda, som sist vitja Opera Nordfjord i tittelrolla i Hertuginna av Chicago i 2008. Tenoren Eivind Kandal kjem frå frå Kandal i Gloppen og vert uteksaminert med mastergrad frå operahøgskolen i København til våren. Han har allereie debutert i La Traviata ved Den Kongelige Opera i den danske hovudstaden. Magne Fremmerlid frå Skodje på Sunnmøre har vore tilsett som fast solist ved nasjonaloperaen i ei årrekkje, Han har var solist med Opera Nordfjord for første gong i Beethovens 9. Symfoni i 2015 og skal vere solist på vårturnéen i mars. Mezzosopran Jeanette Ekornåsvåg Goldstein kjem opprinneleg frå Ålesund, men er busett i Oslo, der ho har base som frilanssongar. Det er første gong ho gjestar distriktsoperaen på Nordfjordeid og har tidlegare m.a. gjort hovudrolla i Carmen med Opera Sør i Kristiansand. Jonas Navarsete frå Sogndal studerer klassisk song ved Norges Musikkhøgskole, men har bakgrunn frå både pop- og musikalsjangeren. Han har si første operarolle i Sildagapet som bonde- og fiskarsonen Guttorm. Nordlendingen Kristian Krokslett frå Saltengjorde rolla som Remendado i Carmen i Operahuset Nordfjord i 2009, no kjem han tilbake som glopparen Ragnar. Det vert nok bråøving av Gloppe-dialekt i heile sommar! Ungjenta Inga vert sunge av Martha Standal Pavelich frå Nordfjordeid. Ho er elev ved Eid vidaregåande skule og har vore med i operakoret i fleire år og hatt soloroller i The Sound of Music og Sweeney Todd.

Det kunstnariske teamet er samansett av regissør Ronald Rørvik, kjend frå fleire produksjonar med Opera Nordfjord, sist med Hoffmanns Eventyr, scenograf og kostymedesignar Åse Hegrenes, lysdesignar Ovar Holmen, maskør Maren Togstad og musikalsk leiar Michael Pavelich.

Familieoperaen Sildagapet skildrar det yrande folkelivet i Måløy på midten av 1950-talet, då det eventyrlege sildefisket dobla folketalet i kystbyen. Historia er oppdikta, men librettist Jostein Avdem Fretland har lagt vekt på at dei historiske referansane skal bli så autentiske som mogleg. Dei som huskar Måløy frå etterktigstida vil garantert kjenne seg igjen i mange av scenene, mellom anna frå Snurpedansen i Turnhallen.

Om kort tid vert det lyst etter amatørsongarar til operakoret både for vaksne og born, då operaen treng både vaksenkor, bornekor og sildegutar,

Billettsalet opnar 1. mars. Premiere er onsdag 4, oktober, øvrige framsyningar vert 6., 7., 8., 11., 13., 14. og 15. oktober.

Emner

Regions


Opera Nordfjord vart starta i 1998 etter idé frå Kari Standal Pavelich og ektemannen Michael Pavelich, som framleis er sentrale i administrasjon og kunstnarisk leiing. Distriktsoperaen har sidan starten hatt store årlege operaproduksjonar på Nordfjordeid, takka vere omfattande dugnadsinnsats av ca. 200 frivillige.I tillegg til hovudproduksjonen om hausten turnerer Opera Nordfjord med eit nytt konsertprogram kvar vår til konsertstader på nordvestlandet. Samarbeid med andre aktørar står sentralt i operaen sitt virke, Eid vidaregåande skule er fast samarbeidspart i produksjon av kulissar og rekvisittar kvar haust, og Musikklinjekoret ved Firda vidarergåande skule har jamnlege konsertsamarbeid om våren. I tillegg er det eit utstrakt samarbeid  med andre distriktsoperaer og  Den Norske Opera & Ballett gjennom samproduksjonar eller utleige/lån av delproduksjonar. Familieproduksjonen vart innført i 2013 med balletten Nøtteknekkaren. Sidan har både The Sound of Music og Du er god, du, Charlie Brown fått god mottaking av publikum. Fast spelestad er Operahuset Nordfjord på Nordfjordeid, og administrasjonen har kontorstad i ærverdige Gamlebanken i Eidsgata.

Kontakter

Kari Standal Pavelich

Kari Standal Pavelich

Pressekontakt Operasjef/produsent Operasjef og pressekontakt 95137226

Distriktsoperaen for Sogn og Fjordane

Stiftinga Opera Nordfjord (ON) vart skipa i 1998 etter initiativ frå ekteparet Kari Standal Pavelich og Michael Pavelich og er i 2017 inne i sin 19. sesong med opera- og operetteproduksjonar. I tillegg til dei årvisse haustproduksjonane har Opera Nordfjord hatt fleire konsertturnéar i fylket, frå klassisk operagalla-repertoar til urframføring av norsk opera og samarbeidsprosjekt med Firda VGS, m.a. Requiem av Verdi. Fire somrar arrangerte ON Opera Workshop for operasongarar og -studentar med Elizabeth Norberg-Schulz, og dei siste åra har ON hatt eit tett samarbeid med Eid VGS om oppsetting av skulemusikalar i vårsemesteret. Arbeidet til ON er tufta på det omfattande og viktige dugnadsarbeidet til fleire hundre frivillige innan m.a. kulissearbeid, kostymesaum, lyssetting, hår og sminke og servering. Samarbeidet mellom profesjonelle aktørar og glade amatørar i kor og produksjonsapparat har vore avgjerande for ON sin framvekst og suksess.

Opera Nordfjord
Gamlebanken, Eidsgata 10
6770 Nordfjordeid
Norge