Pressemelding -
Brigands MC endeleg i norsk omsetjing
Den ellevte boka i CHERUB-serien er endelig i norsk omsetjing!
Alle CHERUB-agentar har ein bakgrunn. Dante Scott slit enno med mareritt om den gongen familien hans døydde. Dei blei brutalt drepne av ein motorsykkelgjeng.
Dante får sjansen til å bli med i CHERUB, få ei solid opplæring og bli ein profesjonell agent. CHERUB-agentane har ein stor fordel: Vaksne får aldri mistanke om at barn og ungdommar spionerer på dei. Men då Dante blir med James og Laure Adams på eit oppdrag for å infiltrere motorsykkelklubben Brigands, er han klar til å bruke alt han har lært, for å hemne seg på dei som drap familien hans.
Boka er omsett til norsk av Øystein Rosse.
Robert Muchamore (f. 1972) jobba som privatetterforskar i mange år, men slutta då bøkene hans gjorde suksess. Han er no utgitt på over tjue språk, og har selt fleire millionar bøker.
Emner
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.