Gå videre til innhold
Brigands MC endeleg i norsk omsetjing

Pressemelding -

Brigands MC endeleg i norsk omsetjing

Den ellevte boka i CHERUB-serien er endelig i norsk omsetjing! 

Alle CHERUB-agentar har ein bakgrunn. Dante Scott slit enno med mareritt om den gongen familien hans døydde. Dei blei brutalt drepne av ein motorsykkelgjeng. 

Dante får sjansen til å bli med i CHERUB, få ei solid opplæring og bli ein profesjonell agent. CHERUB-agentane har ein stor fordel: Vaksne får aldri mistanke om at barn og ungdommar spionerer på dei. Men då Dante blir med James og Laure Adams på eit oppdrag for å infiltrere motorsykkelklubben Brigands, er han klar til å bruke alt han har lært, for å hemne seg på dei som drap familien hans. 

Boka er omsett til norsk av Øystein Rosse. 

Robert Muchamore (f. 1972) jobba som privatetterforskar i mange år, men slutta då bøkene hans gjorde suksess. Han er no utgitt på over tjue språk, og har selt fleire millionar bøker.

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO