14-09-2012 10:26
Pressemelding
Stor feiring av Ragnar Hovland 60 år på Oslo Bokfestival
14-09-2012 10:26
Ragnar Hovland fyller 60 år i år, og vart feira stort på ei festforestilling i Bergen i mars. No skal han også bli feira med ein eigen festkveld i Oslo. Knut Nærum, Erlend Loe, Lina U. Mariussen, og musikarane Polkabjørn og Annlaug Børsheim skal hylle han under Oslo Bokfestival laurdag 15.9. kl 18.30 på Victoria Jazzscene. Hovudpersonen sjølv vil også vere til stades, og skal både lese og signere bøker.
Ragnar Hovland er ein av dei mest særeigne stemmene i norsk litteratur. Full av spenstige innfall, merkelege karakterar og populærkulturelle referansar har han i over 30 år gitt ut meir enn 40 bøker i alle sjangrar. I suveren og slentrande stil skriv han befriande humoristisk om livet m.a. på ville vestlandsvegar. Hovland fekk tidleg eit trufast og ihuga publikum, og fleire yngre forfattarar er i dag tydeleg inspirert av han. Hans siste bok Stille natt (2011) vart tatt imot med stor begeistring av kritikarar og lesarar.
Hovland har motteke fleire prisar, mellom anna Brageprisen, Kritikarprisen, Aschehougprisen, Bastianprisen, Doublogprisen, Melsomprisen, Samlagsprisen.
Kategorisering
- Temaer:
- Kunst, kultur, underholdning
- Nøkkelord:
- oslo bokfestival
- ragnar hovland


Legg til kommentarKommentaren ble lagret
Før den blir publisert, må det være godkjent av Samlaget.