Gå videre til innhold
LANSERING AV APOKALYPSE OSLO AV SIMON MALKENES

Nyhet -

LANSERING AV APOKALYPSE OSLO AV SIMON MALKENES

Den nye boka Apokalypse Oslo følgjer tre greiner frå terroråtaka 22.7. Den første er det politiske manifestet til Anders Behring Breivik. Kvifor skreiv han eit politisk manifest? Og korleis skal vi forstå det? Den andre greina er anklagane retta mot Frp etter 22.7., der det vart påstått at Frp, spesielt i artikkelen «Drøm fra Disneyland», nytta same retorikk som Behring Breivik. Kva retorikk bruker Frp i «Drøm fra Disneyland»? Den siste greina er Frps handtering av anklagane. Har Frp ein appell til den ekstreme høgresida? Kva er i så fall denne appellen og korleis er den utforma?  Korleis klarte Frp å behalde den etter 22.7.?

Stammen dei tre greinene veks frå er det særeigne, apokalyptiske synet på verda der gode krefter kjempar mot vonde, der heltar drep drakar om dei sjølve ikkje blir dolka i ryggen. Og rota dei tre greinene får næring frå, er trua på verdas undergang, apokalypsen.

Simon Malkenes (f. 1973) er litteraturvitar og lektor i norsk og historie på Ulsrud vgs i Oslo. I 2008 gav han ut Apokalypse nå igjen?, ei bok som mellom anna analyserer retorikken i krigen mot terror.

Boka kjem ut samstundes som ebok og papirbok.

Emner

Kategorier

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO