Gå videre til innhold
A. Audhild Solberg aktuell med iskald grøssar for ungdom

Pressemelding -

A. Audhild Solberg aktuell med iskald grøssar for ungdom

A. Audhild Solberg aktuell med iskald grøssar for ungdom

I boka Den svarkledde jenta møter me Hanna. Hanna er på veg heim frå kjærasten Leo då det dukkar opp ei jente bak henne. Jenta tek til å følgje etter Hanna. På brua set ho i eit grufullt skrik, før ho brått forsvinn. Neste natt skjer det same.

Kven er denne svartkledde jenta? Kvifor oppsøker ho Hanna?

Og kor kjem dette forferdelege skriket frå? 

Boka er del av GRØSS OG GRU – ein grøssarserie for ungdom, utvikla i samarbeid med Leser søker bok.

Den svartkledde jenta har lanseringsdato 22.01.19

A. Audhild Solberg (f. 1975) har skrive dei populære bøkene om superbitchene og var i forlagsbransjen før ho blei forfattar. Solberg er frå Sauland i Telemark og bur i Oslo. 

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO