Gå videre til innhold
Åshild Ulstrup med ny bok om heimbygd og oppvekst; "Galskap og eventyr"

Pressemelding -

Åshild Ulstrup med ny bok om heimbygd og oppvekst; "Galskap og eventyr"

For 63 år sidan reiste Åshild Ulstrup frå heimbygda Valen i Sunnhordland. Sidan har Oslo vore heimstaden hennar. I erindringsboka Galskap og eventyr går Ulstrup tilbake til ein uvanleg barndom i ei bygd med eit mangfald av liv og lagnader, landskap og opne dører.

Ho som sjølv gjennom eit langt journalistliv har fått både gamle og unge i tale, fått dei til å opna seg, snakka om livet, om draumar og håp, fortel her om sin eigen oppvekst. I bygda var asylet eit naturleg midtpunkt. Mange av pasientane tok del i livet i bygda, og bygda tok del i deira. Ulstrup fortel ei soge om ei nær fortid, eit blikk inn i ei tid og eit samfunn som ikkje lenger er. Eit samfunn med opne dører og plass til dei som både er innanfor og utanfor normene.

Åshild Ulstrup (f. 1934) har eit langt yrkesliv som journalist og radiomedarbeidar bak seg. Ho er særleg kjend for personlege intervju i NRK gjennom 40 år, mellom anna i radioprogramma ”Sånn er livet”, ”På livet laus” og ”Middagsstunden”. Ulstrup har òg gjeve ut fleire dokumentar- og intervjubøker. Ulstrup vaks opp på Valen i Sunnhordland, men er busett i Oslo.

Emner

Kategorier

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO